Etter Terra-saka eksploderte såg Bremanger seg nøydde til å kutte dei politiske utvala og delegere meir makt til rådmann Tom Joensen og hans administrasjon. Det sparte dei pengar på, i tillegg til at ein fekk betre kontroll med økonomien.

Men etter nær ti år utan utval føler no politikarane at dei har mista den gode og tette kontakten med sakene og prosjekta. Ifølge Espen Sortevik (Ap) handlar det meir om at politikarane har mista oversikta enn at rådmannen har fått for mykje makt. Det fekk han støtte på av Kåre Jarl Langeland (V):

– Du blir litt oppgitt når du møter folk på gata og du ikkje har svar eller forklaring der og då. Vi har lyst å vere i stand til å informere. Det er ikkje tvil om at vi då vi hadde utval var mykje meir rundt og trefte folk.

For å bøte på det ein har mista ved å kutte utvalsstrukturen blei politikarane einige om at rådmannen legg opp til «undervegsrapportar» som viser prosjektstatus, nøkkeltal, tendensar og utvikling slik at politikarane kan følgje betre med.