– Vi synest det er veldig fint at vi no skal klare å drifte kyrkjene på normal måte, seier Fløien.

Denne veka bestemte soknerådet å opne opp Nord-Vågsøy og Totland kyrkje som blei stengde tidlegare i år, etter eit vedtak i kommunestyret som seier: «Kommunestyret ber om at soknerådet opprettheld aktiviteten i kyrkjene, og gjev det tilbodet innbyggjarane forventar».

Konsekvensane av at ein berre kunne halde ei av dei tre kyrkjene opne har mellom anna vore flytting av dåpar, gravferder og bryllaup.

Når det gjeld bryllaup er gjerne hovudønsket å få gifte seg i kyrkja ein høyrer til, ifølgje Fløien. Ho fortel vidare at brudepar tidleg fekk informasjon om kva kyrkje ein alternativt kunne gifte seg i.

– Det er fleire vi no vil kontakte og fortelje at dei har moglegheit til å velje kyrkje. Og så veit vi også at det er bryllaup som har blitt flytta til andre kyrkjer utanfor Vågsøy, seier ho.

– Vi har valt å ha tillit til at politikarane vil komme til å behandle ein søknad om økonomisk støtte på ein slik måte at soknerådet kan møte innbyggjarane sine forventningar. Dette vil vere i tråd med kommunestyrets eige vedtak i budsjettsaka. Kommunestyret har eit tydeleg ansvar for å løyve økonomiske midlar til drift, ifølgje Kyrkjelova, seier ho.

I tillegg blei det i heile soknet døypt 54 barn, utført 9 vigslar, 54 konfirmasjonar og 57 gravferder, opplyser kyrkjeverje Anne Gry Fløien.

Ein konsekvens av kyrkjestenginga var at alle konfirmasjonsgudstenestene blei lagt til Sør-Vågsøy kirke.

Konfirmantane har hatt samla opplæring i Sør-Vågsøy kyrkje og har trivst godt der, ifølgje kyrkjeverja.