Men i eit brev til kommunen skriv vegvesenet at det ikkje har kome inn nye element i saka sidan sist vurdering, og at dei dermed står fast ved avslaget.

Dei viser til at ein eventuell intensivbelysning må søkjast om, og at kommunen må seie meir detaljert om mellom anna korleis dei ønskjer å plassere intensivbelysninga, tekniske detaljar og om området rundt stettar krava til tilstrekkeleg belysning.

Når det gjeld betre sikt påpeikar vegvesenet at grunneigar/brukar av avkøyrsla og eigar av annan manns grunn bør gjere avtale seg imellom når det gjeld siktrydding.