Denne leiarartikkelen stod på trykk i Fjordenes Tidende fredag 24. februar.

- Kjemien synest å vere god mellom Vågsøy og Flora

Då er Vågsøy og Flora kommune godt i gang med samtalane om ein ny kommune på kysten. Etter to forhandlingsmøte synest kjemien og stemninga mellom dei to forhandlingsutvala å vere god. Det synest også som at dei har kome langt i ulike spørsmål som kan ende i ein intensjonsavtale. Det lovar godt for at ein kan utvikle noko nytt.

Sist fredag sa eit fleirtal i Bremanger formannskap nok ein gong nei til å forhandle seg inn i ein ny kystkommune. Fleirtalet i Bremanger meiner dei har det godt med seg sjølve, og at dei klarer seg på eigne bein. No er ordføraren og varaordføraren i Bremanger med som observatørar under samtalane. Så får tida vise om dette har noko effekt.

No må vi ha respekt for at det er folk i Bremanger som ikkje vil slå seg saman med nabokommunane. Men det er også eit poeng at det er dei som vil slå seg saman. Men det vil vere utfordrande for ein ny kommune å bli fysisk delt av Bremanger. Både Vågsøy og Flora, som vil ha med Bremanger, må køyre ein time gjennom ein annan kommune når dei skal mellom kommunane på dagens kystveg.

Eit fleirtal på Stortinget vil slå saman 13 kommunar med tvang. Tre av kommunane er i Sogn. Leikanger og Balestrand sa det same som Bremanger, at dei vil vere for seg sjølvd. Dei blir likevel tvinga saman med Sogndal. Slår Vågsøy og Flora seg saman blir det underleg om Bremanger får stå åleine dersom det blir ei ny runde med tvang.

Regjeringa har sagt at dei vil ha og prioritere store, robuste kommunar med brei kompetanse. Det viktige no er å lytte til signala og at det er eit tett samarbeid over kommunegrensene som sikrar gode tenester til innbyggarane.