Sogn og Fjordane Energi planlegg ny 22kV kraftlinje frå Hundvikskaret til Torheim i Eid.

Eksisterande linje som forsyner Torheim i dag går i eit svært bratt og ulent terreng, der det har vore mykje feil og vanskar med å rette feila i eit farleg terreng. Om lag 4.500 meter av linja er frå 1951, og er moden for ombygging.

Fylkesmannen meiner traseen som no er valt er gunstig ved at den på store delar av strekninga følgjer eksisterande 132 kV linje og 420 kV linje. Fylkesmannen meiner at jordkabel vil vere den beste løysinga gjennom bygda Torheim, slik planane viser.

Det er også ein miljøgevinst at eksisterande kraftlinje frå Hundeide til Sørland vert fjerna, skriv Fylkesmannen i brev til SFE.