Ved ein rutinekontroll på Rv 15 på Bryggja stansa politiet ein bil der føraren ikkje var edru og bles raudt.

Det skjedde klokka 03.50.

Han vart teken med til lege for blodprøve, og måtte levere frå seg førarkortet.

Dermed kan det bli ei stund før han får køyre bil igjen.