Vågsøy og Flora har i dag forhandlet frem en intensjonsavtale om å slå sammen de to kommunene fra 2020. Avtalen, som ble fremforhandlet i Florø, slår fast at Florø blir kommunesenteret i en eventuell ny kommune og navnet på den nye kommunen blir Kinn.

I Måløy skal det etableres kompetansemiljø innen utdanning, næring, IKT, fornybar energi og klima. Det presiseres også at det skal være kommunale servicefunksjoner i Måløy der innbyggerne skal få tjenester uten å måtte reise til Florø.

Dette er intensjonsavtalen de to forhandlingsutvalgene nå er enige om:

Innleiing

Flora og Vågsøy vil slå seg saman til ein kommune frå 01.01.2020.

Vi ønskjer at Bremanger kommune etter forhandlingar blir med i den nye kommunen.

Det vert å utarbeide ein visjon som tar utgangspunkt i at vi skal leve i ein kommune med gode fungerande lokalsamfunn, der ein realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu og fritidsområde og ei berekraftig utvikling.

For å utvikle identitet og felles verdiar ønskjer vi innbyggardeltaking i arbeidet med visjonen.

1. Mål

Vi vil:

* Bli ein attraktiv tilflyttingskommune.* Bli den sentrale utviklingsaktøren mellom Ålesund og Bergen* Sikre gode tenester med høg kvalitet for innbyggarane* Styrke vår attraktivitet som lokalisering for næringsverksemd* Sikre ei berekraftig utvikling med målretta satsing på klima og miljø* Styrke stadidentiteten til innbyggjarane i den nye kommunen.

Det kan vi oppnå ved å:

* Realisere 45-minutts-regionen (Måløy-Svelgen-Florø) for å sikre gode kommunikasjonar i kommunen, og skape ein felles bu- og arbeidsregion. Kommunane er samde om at det  viktigaste målet med 45-minuttsregionen er å raskast mogleg reise mellom Måløy og Florø. Sentralt i dette er bru over Bikjelsneset-Tongane, og veg over Terøya.* Etablere eit båtsamband  med fleire avgangar mellom Vågsøy, Bremanger  og Flora og som korresponderer godt med anna samferdsle* Satse på Florø Lufthamn for å sikre eit framtidsretta og godt rutetilbod* Arbeide vidare med Stad skipstunnel for å sikre etablering av nye næringar* Arbeide for betre vegstandard på det fylkeskommunale vegnettet* Arbeide for å styrke tilbodet og miljøet rundt dei vidaregåande skulane, fagskulen og høgskulen* Skape verdiar av mogelegheitene som ligg i havrommet* Arbeide for etablering av regionale og statlige arbeidsplassar i Måløy og Florø* Skape attraktive bu-, arbeids- og fritidsområde* Styrke folkevald styring, brei deltaking og involvering* Byggje ein kompetent, effektiv og attraktiv kommuneorganisasjon med gode fagmiljø gjennom ein god, føreseieleg og framtidsretta arbeidsgjevarpolitikk* Bygge ut Måløy og Florø som attraktive , urbane og kulturelle sentra ved å prioritere realisering av gjeldande plan for symjeanlegg, fleirbrukshall med spesialfunksjonar og kulturfasilitetar i Vågsøy og fullskala fotballhall i Florø.

2. Tenestene

Vi er samde om å ha kostnadseffektive tenester ut frå tilgjengelege økonomiske ressursar. Vi skal:

* Ha og utvikle førstelinetenester som skular, sjukeheimar, helse- og omsorg, barnehagar og kulturtilbod der dei er ved samanslåinga.* Vere ein aktiv samfunns- og næringsutviklar og etablere møteplassar, partnarskap og samhandling.* Vere ein kunnskapsutviklande og attraktiv arbeidsplass for dei tilsette.* Rekruttere dyktige medarbeidarar inn i ein samla kompetanseorganisasjon.

3. Kommunesenter

Kommunesenteret blir lagt til Florø.

Der skal også det strategiske avgjerdsnivået vere med:

* Ordførar* Rådmann* Assisterande rådmann* Kommunalsjefar* Fagstabar

Talet på administrative arbeidsplassar/rådhusfunksjonar kommunedelsentret Måløy skal forholdsmessig vere som før samanslåinga.  I Måløy skal det etablerast kompetansemiljø til felles utvikling av mellom anna på samarbeidet mellom utdanningsinstitusjonar og næringslivet, fornybar energi og klima og IKT.

Det skal vere kommunale servicefunksjonar  i Måløy der innbyggarane skal få tenester utan å måtte reise til kommunesenteret.

Organisering av hamn og næringsarbeidet skal skje på ein måte som sikrar både heilskapleg samordning og satsing på komparative fortrinn i alle delar av kommunen.  Eit døme er fiskeriaktiviteten i Vågsøy og petroleum i Flora.

4. Prinsipp for styring og organisering

Politisk

Kommunen skal ha formannskapsmodellen etter Kl. § 8 som styringsform.

Tal folkevalde

Kommunestyret/Bystyret skal ha 39 medlemmer.

Fellesnemnda skal ha 5 medlemmar frå Flora og 4 frå Vågsøy. Ref Inndelingslova §26.

Den politiske møteverksemda skal ta heile den nye kommunen i bruk blant anna ved å veksle stort sett likt mellom Florø og Måløy for avvikling av bystyret og formannskap

Det skal etablerast eit ungdommens kommunestyre/bystyre. .

Administrativt og fagleg

* Det skal etablerast éin administrasjon med desentraliserte rådhusfunksjonar, servicetorg og samfunnskontakt.

* Spesialiserte fagfunksjonar som har ute-funksjon (t.d. helsestasjon og barnevern), skal lokaliserast i dagens kommunehus.

* Servicetorga skal hjelpe innbyggarane innan dei mest etterspurde tenestene og kunne bli nytta til mogeleg «næringspark» med privat og offentleg tenestyting

* Tilsette skal kunne kople seg på uavhengig av stad, klient og teknologi

* Det skal vere fleksibilitet og mobilitet uavhengig av organisatorisk plassering og tverrfagleg einingar på administrativt nivå på tvers av profesjonsgrenser

* Kompetanseoppbygginga skal systematiserast for alle ledd i organisasjonen

* Kommunen skal utvikle sterke fagmiljø på område som samfunnsplanlegging, oppvekst, helse og omsorg og kultur

5. Kommunenamn og våpen

Kommunenamnet vert Kinn kommune.

Fellesnemnda arbeider med val av kommunevåpen

6. Interkommunale selskap og samarbeid.

Fellesnemnda skal gå gjennom samarbeidet med andre kommunar.

Målet er at vi skal løyse dei fleste av oppgåvene sjølve.

7. Økonomi

Denne delen av avtalen gjeld til Fellesnemnda er etablert. Vi er samde om å vise varsemd og berre gjennomføre tiltak som er i samsvar med kommunane si økonomiske bereevne. Vi skal

* Orientere kvarandre gjennom styringsgruppa om investeringar og økonomiplanar slik dei ligg i vedteken økonomiplan

* Peike ut dei viktigaste tiltaka slik at den andre kommunen får innsyn i dei

* Ikkje selje verdiar som t.d. kraftaksjar utan etter drøfting

8. Samordning av planverk

Vi skal orientere kvarandre om kommuneplanen sin arealdel og samfunnsdel. Kvar kommune skal peike ut sine viktigaste tiltak, slik at den andre kommunen får innsyn i dei.

Vi er samde om at alle juridisk bindande planar vert overført til den nye kommunen og gjort gjeldande. Planane vert samla og gjennomgått i tida fram til den nye kommunen er formelt skipa.

9. Arbeidsgjevarpolitikk

Vi er samde om å etablere ein arbeidsgjevarpolitikk som bidrar til å samle og utvikle arbeidstakarane i den nye kommunen, og som skaper gode relasjonar mellom arbeidsgjevar og arbeidstakarar.  Det føreset høg grad av medverknad både på lokalt og sentralt nivå, både under etablering av den nye kommunen og etter at denne er etablert.

Det betyr at:

* Alle tilsette sine noverande rettar vert akseptert i ein ny kommune i samsvar med lov- og avtaleverk

* Alle tilsette vil få tilbod om stilling i den nye kommunen i tilsvarande storleik og tidsperiode som ein har i noverande kommune. Dersom det blir overtallige, vil den nye kommunen gje tilbod om anna passande arbeid i rimeleg avstand

* Dei tilsette vil framleis vere sikra pensjonsordning gjennom KLP og SPK

Det partsamansette utvalet med dei tillitsvalde (PSU, jf. Inndelingslova § 26) skal lage eit omstillingsdokument som:

* Harmoniserer ulike reglement (tilsettingsregelment, permisjonsreglement, m.m.)

* Utarbeider ein felles lønspolitikk for alle tilsette

* Harmoniserer lønsskilnader over tid.

* Tilbyr avgangsstimulerande tiltak til leiarar

10.    Utviklingsaktør

Den nye kommunen skal vere ein sterk utviklingsaktør og bygge på dei aktiva området har. Nye båtruter, kystvegen og Stad Skipstunnel vil opne for ein heilt ny dynamikk på kysten. Den nye kommunen skal utvikle det potensialet dette vil gje innan kommunikasjonar og kulturbasert reiseliv.

Havet og marine ressursar er peika ut som eit nasjonalt satsingsområde. Den nye kommunen skal forsterke vår rolle som viktig for landet gjennom satsing på hamn, næringsareal, tilrettelegging for fiskeflåten, mottaks- og serviceanlegg på land og tilrettelegging for oppdrettsnæringa.  Dette skal vere ei prioritert oppgåve for den nye kommunen sine (sitt) næringsselskap.

Framtidig organisering av næringsarbeidet skal prioriterast. Det same gjeld organisering av hamnene.

Flora bystyre og Vågsøy kommunestyre skal etter planen si ja eller nei til intensjonsavtalen henholdsvis 21. og 23. mars.

Les mer om forhandlingene i vår papiravis tirsdag og på fjt.no.