Landsverk Sande er ein av 120 kvinnelege ordførarar i Norge i dag. Statistikk frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at berre 28 prosent av landet sine ordførar er kvinner. Dette er likevel ei auke på seks prosentpoeng frå valet i 2011.

Les meir om «Likestilt» her.

For Landsverk Sande var ikkje valet vanskeleg då ho fekk spørsmålet om å stå øvst på lista til Venstre.

– Eg tenker ikkje alltid så mykje før eg gjer noko, og eg hoppar i ting. Sjansen var veldig liten for at vi (Venstre) skulle få ordføraren, sidan vi var det minste partiet. Men brått vart vi dobbelt så store, og då vart det no ein gang slik at vi vart med. Eg har heile livet handla på impuls, og det kan jo gå bra det, smiler ho.

Ordføraren meiner fleire kvinner burde hoppe på moglegheiter.

– Menn har betre trua på at dei kan klare ting enn kvinner. Vi tenker ting opp og ned i mente før vi uttalar oss. Eg trur ikkje kunnskapsnivået er så mykje høgare hos menn.

– Føresetnadane for å vere ordførar er ikkje basert på kjønn, men evna til å sette seg inn i korleis andre har det, det å tenke langsiktig, evne til samarbeid og det å ha sosiale antenner. Slik sett ser eg ikkje forskjell på kvinner og menn, men det er trivelegare at vi er litt av begge deler.

Med ein hektisk kvardag kan det ofte bli seine kvelden før Landsverk Sande kjem heim til familien i Almklovdalen utanfor Åheim. Her bur ho saman med dei fire yngste borna, mannen og to kattar. Eldstejenta har flytta med kjærasten til Trysil.