– Eg har alltid fått eller tatt dei moglegheitene som har lege framføre meg. Typisk for mange ting eg har gjort opp gjennom er at eg ikkje har ant omfanget av det eg har hoppa ut i, smiler Langtangen.

– Det heng mykje att frå gamle tradisjonar og i kulturen. Men eg trur det er på veg til å skje ei endring, og om ein generasjon vil det nok sjå annleis ut. No er det overvekt av kvinner som tek høgare utdanning, og om 100 år snakkar vi kanskje om motsett problemstilling, seier ho.

Les meir om «Likestilt» her.

Sjølv har Langtangen, som opphavleg kjem frå Hof i Vestfold, hovudfag i statsvitskap frå NTNU. Under studietida var ho også engasjert i frivillig arbeid og sat i UKE-styret, som hadde ansvaret for om lag 1.300 frivillige. Seinare har det blitt mange leiarstillingar på Langtangen, både i Schibsted og PWC, og no i Sødermann.

Langtangen meiner det har vore viktig å ha kvinnelege rollemodellar.

– Sjølv hadde eg Kristin Skogen Lund som mentor då eg var management trainee i Schibsted. Ho er kjempedyktig. Det er viktig å ha rollemodellar, og nokon må trakke opp løypa for at fleire skal hive seg på. Eg trur ikkje at menn stoppar damer. Viss damene er dyktige nok, så ser menn det. Eg har heile tida vore i miljø der det har vore gode kvinnelege og mannlege rollemodellar rundt meg, og det har hatt mykje å bety, understrekar Langtangen.

Det viktigaste for henne er at alle skal ha fridomen til å velje både utdanning og yrke etter eigne ønske.