– Vi ønskjer å strekke ut ei hand til Vågsøy. Vi trur eigentleg ikkje det er så mykje som skil oss frå kvarandre, seier ordførar i Selje, Stein Robert Osdal (Krf), som saman med ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V), har sendt eit brev til Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad (Ap).

«Spørsmålet om trasé for Kystvegen i Nordfjord har vore eit viktig tema for Vågsøy og andre kommuner i drøftingane. Vågsøy har ved gjentatte høve halde fram at ein ser det som problematisk at Selje og Eid har eit anna syn på trasé for Kystvegen enn Vågsøy.», heiter det i brevet frå dei to ordførarane.

Vidare heiter det i brevet at «Vi ynskjer som ordførar i Selje og Eid å understreke at vi frå vår side er innstilt på å drøfte saka om traséval for Kystvegen med Vågsøy før vi tek ei endeleg avgjerd.»

– Er dette ein invitasjon til Vågsøy om å bli med i Selje/Eid?

– Dette er ei sak vi har oppfatta er vanskeleg for Vågsøy å godta. Vi kan ikkje la dette vere saka som hindrar Eid, Selje og Vågsøy i å samarbeide. Som ordførar i Eid får eg mange spørsmål om kvifor vi ikkje klarar å finne saman, og det klarar eg ikkje å svare på. Dette er ein open invitasjon. Vi ønskjer å snakke med Vågsøy på nytt, og er innstilt på samtalar, seier Bjørlo.

I intensjonsavtala som Selje og Eid er einige om heiter det at «Den nye kommunen vil arbeide for at Kystvegen Bergen-Ålesund raskast mogleg blir prioritert over offentlege vegbudsjett. Traséen må leggast slik at han får størst mogleg regional nytte for å knyte saman større bu- og arbeidsmarknader på tvers av dagens fylkesgrenser. Det inneber at Kystvegtraséen over Nordfjorden må planleggast over Bryggja-Otteren og inkludere Rovdefjordsambandet.».

Dette punktet er ordførarane i dei to kommunene villige til å diskutere på nytt.

– Var det ein tabbe å ta dette punktet med i intensjonsavtala?

– Det var Selje som tok det inn. Det handla om heilskapen frå Rovdefjordsambandet og kystvegen Måløy-Florø. Det var det som var tanken. Hadde vi visst at det var det som trigga aller mest, hadde vi kanskje tenkt oss om ein gong til, seier Osdal.

– Det er mogleg at ein i ettertid kan seie at dette var ei tabbe. Vår tanke var at dette var ikkje noko kommunen skulle bestemme, så vi tenkte at det ikkje var den store saka, men ser at det har blitt det. Dette kan det ikkje gå prestisje i. Vi må sette innbyggarane i sentrum, og dei forventar at kommunane våre skal klare å snakke saman, seier Bjørlo.