– Selje Næringsforening meiner at riving av heile Selje Hotel er eit krav som er vel dramatisk sett i forhold til den bygningsmassen som står att etter brannen, dette skriv foreininga ved leiar John Terje Hamre, i eit brev til Selje kommune.

Foreininga meiner at om Selje kommune i fyrste omgang hadde fått rydda vekk det som er av asbest og eventuelt andre skadelege material, og fått sikra resterande byggningsmasse, sllik at bebuarar ved og rundt hotellet kan vere trygge, så bør resten stå att medan ein venter på interessentar.Her kan du lese fleire saker om brannen på Selje Hotel.– Hovudbygget ser ut til å vere så lite skadd at det mest truleg kan nyttast etter rehabilitering. Kjøkken, spisesal, konferanserom etc. ser ut til å vere nær intakt. Då er det overilt å forlange riving, skriv Hamre.

Bakgrunnen for at foreininga skriv brev til Selje kommune, er at kommunen har sendt ut eit brev til eigarane av Selje Hotel der dei ber om at heile bygget blir rive innan 1. mai.

– Selje Hotel er eit signalbygg som er kjent utover landet sine grenser. Selje Næringsforening meiner blant anna at muren på fasade må bevarast. Fasaden er murt med rullestein frå fjøra rundt/ved Selje. Dette er ikkje noko ein kan få gjort i dag grunna økonomiske omsyn, samt at det mest truleg ligg føre freding av rullestein, skriv foreininga, og fortset: