– Det at Selje og Eid er villige til å vurdere sitt syn på dette punktet på nytt er positivt. Jo fleire som er einige, desto betre er det, seier Maurstad.

– Eg har motteke brevet, og bede administrasjonen om å vidaresende det til politikarane. Det er ikkje så mykje eg kan gjere aleine. Dette er noko vi må diskutere. Vi har mandat til å forhandle om ein kystkommune, seier Maurstad, og legg til:

– Vi har formannskapsmøte måndag, og kanskje det blir tema der. No er det fullt fokus på Flora-prosjektet.

Maurstad har tidlegare uttalt at Kystvegtraseen som Selje og Eid ser føre seg er problematisk for Vågsøy.

– Vi var på Nordfjord-sporet tidlegare i prosessen. Det har vore testa ut og vi kom ikkje vidare. Vi ser på eit anna spor akkurat no, seier Maurstad.