– Eg er veldig glad for at så mange er til stades her i dag. La det vere sagt med ein gong at dette huset skal brukast, og det skal brukast av alle. Det skal vere eit ope hus, og eg håpar de kan kose dykk med det, sa styreleiar for Parken Kulturhus, Edvard Iversen, framfor dei i overkant av 200 publikummarar som hadde møtt fram for å få med seg den offisielle opninga av kulturhuset på Raudeberg laurdag.

Sjå bildeserie frå opninga her.

Blant dei frammøtte var Maren Sumstad Bakke og Sølvi Lofnes Bakke, begge busett på Refvik. Dei var fulle av lovord om den nye storstova.

– Det er kjempefint, og sjølvsagt det finaste kulturhuset i Vågsøy. Vi er utruleg imponer over eldsjelene som har stått på for å få huset i hamn.

Mange bruksområde

Sumstad Bakke og Lofnes Bakke trur huset blir brukt mykje framover.

– Huset kan brukast både til bryllaup og konfirmasjon. Vi skal i eit bryllaup her allereie til sommaren. Her har ein både storkjøkken og leikerom, så det er veldig bra. Spesielt mingleplassen ved inngangen er eit veldig fint innslag, smiler dei.

– Det at vi har vore med å bidra fører til at vi kjenner på ei tilhøyrsle til huset, som verkeleg har blitt kjempefint. Vi er stolte i dag. Dette huset kan brukast av både privatpersonar og næringsliv. Spørsmålet er vel heller kva det ikkje kan brukast til, seier Tove Lill Refvik Volle.

Ny generasjon dugnadsfolk

I Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad (Ap) si opningstale roste ho dugnadsinnsatsen i bygda.

– Raudeberg er ei bygd som er prega av dugnadsvilje, frivilligheit, optimisme og stå på-vilje, sa Maurstad.

– Det mest positive er at det har vore så mange ungdomar med. Det har vel vore rundt 40 ungdomar som har vore med å bidrege. Det er veldig kjekt at dei er med, men ikkje nok med at dei er med, dei er dyktige og nevenyttige, samanfattar Helge Refvik, og legg til:

– Det er jo veldig sosialt med dugnad, og så er det utruleg kjekt å no sjå resultatet. No er det viktig at huset blir brukt.