Storprosjektet Kalvåg Fiskerihamn til 200 millionar kroner totalt blir fullfinansiert i NTP, men oppstart blir ikkje før tidlegast om sju år.

– Eg er kjempeskuffa. Vi har jobba med NTP sidan 2010, og låg inne på den førre. Vi låg seint den gongen også, i perioden 2020–2023. Men no er vi faktisk komne endå lenger bak, med oppstart tidlegast 2024. Det er altfor seint! seier Sande, som peikar på at lokale fiskarar no har dårlegare arbeidstilhøve enn dei hadde.

– Dei gav opp hevd i Buvika for dette prosjektet då vi bestemte oss for å ha alt på ein plass og satse på fiskerihamna. No har dei ingen plass å vere, seier Sande, som meiner dei hadde gjort alt opp imot NTP.

– Vi trudde det. Vi har regulert for formålet, gjort grunnarbeid og kjøpt grunn. Forvaltningsmessig er det heilt klart til å sette spaden i jorda, og legg til:

– Vi var jo også to turar på Stortinget, og fekk gode tilbakemeldingar der, seier ho.

Ein jobb å gjere

No startar ein litt på nytt.

– Ja, vi har eit stykke arbeid å gjere no. Men det meste av det er nok politisk. Her må fylkespolitikarane vakne og hjelpe oss å dra lasset. NTP skal ikkje leggast fram før månadsskiftet mars/april, og ikkje vedtakast før i juni, så vi håpar at denne tidlege «lekkasjen» om innhaldet i planen er mogleg å gjere noko med.

Ho meiner det er viktig både for Bremanger, men også heile regionen.

– Det handlar om å styrke fiskarane og den fiskerinæringa vi har i dag. Dei er viktige for oss. Berre her ute på den vesle staden dreg dei inn 6–700 millionar i verdiar for oss, og kvar fiskar skapar nær fire arbeidsplassar på land. Det er dette Kalvåg er bygd opp på. Og havet er jo framtida. Bremanger ligg midt i smørauget, så vi må få fram dette prosjektet, brette opp ermene og gi full gass!

– Heilt bak mål

Ordførar Audun Åge Røys (H) er også skuffa over at Bremanger ser ut til å vere skubba endå lenger bak i NTP enn dei i utgangspunktet var.

– Vi blei lagt på vent i førre NTP, og har blitt førespegla at det no skulle kome tidleg. Vi er jo klar til å sette spaden i jorda, men så må vi vente nesten sju år. Det er heilt bak mål.

For Bremanger-ordføraren, som sjølv er frå Kalvåg, er det viktigaste å sikre rekrutteringa til fiskaryrket.

– Fiskarane vi har her i dag sit med stor erfaring som vi burde nytte til å rekruttere ungdom. Yrket kan kome til å døy ut, for vi ser at det er vanskeleg å rekruttere dei unge i dag, seier ordføraren, sjølv om han også peikar på at vanskane i oljebransjen har betra situasjonen noko for fiskeriet.

Audun Åge Røys (H), ordførar i Bremanger, seier at no må ein alle jobbe for å få fram denne hamna. Han meiner det er viktig for heile regionen.

Han meiner likevel det er god distriktspolitikk å satse på fiskerihamner.

– Det er både god nærings- og distriktspolitikk. Fiskerihamnene skapar store ringverknader, mellom anna skapar ein fiskar på sjøen mange arbeidsplassar på land.

– Kva gjer de no for å prøve å betre situasjonen?

– Vi må jobbe mot våre politikarar, både på fylket og på Stortinget, for å få prosjektet fram i køen. Dette er ikkje berre noko som vil kome Bremanger til gode, men fiskarar langs heile kysten. Dei kjem langvegs frå og leverer her, og også nabokommunar leverer fisk her. Får vi hamna på plass, har dei ein plass å legge til, og alle tenester dei kunne trenge, som proviant, verkstad og liknande.

– Men prosjektet fekk ekstra pengar til innsegling og merking, det er positivt?

– Ja, det er bra. Men her er faktisk tidsperspektivet endå viktigare.