Bremanger kommunestyre stemte etter lang debatt 22-1 for Grov-alternativet til kystvegtrasé.

Det betyr at dei ikkje stiller seg bak vedtaka i Flora bystyre eller Vågsøy formannskap som begge ønskte ytre trasé, Terøya-alternativet, sørover frå Svelgen mot Florø.

For kryssing av Nordfjord var kommunestyret i Bremanger einige i at beste løysing var bru i ytre, frå Tongane til Biskjelneset, og at ferja Stårheim-Isane blir oppretthalde.

Viktig å bli einige

Terøya-tilhengarane ved Venstre, SV, delar av Høgre og delar av Ap kjempa lenge for å overbevise motparten om at det var viktig å stå saman med naboane og vise vilje til samarbeid over kommunegrensene for å få vegen realisert i det heile. Dei peika også på det opphavlege formålet for Kystvegen, å korte ned vegen mellom Måløy og Florø via Svelgen for privatreisande og næringsliv slik at ein kunne skape ein ny felles bu- og arbeidsmarknad i denne regionen.

Men etter kvart blei det klart at dette var en kamp dei kom til å tape, om enn relativt knapt. Så til slutt kunne det virke som det blei viktigare å klare å stå samla om eit felles vedtak for Bremanger enn å tenke på nabokommunane.

Rådmann Tom Joensen si innstilling var å følgje Statens vegvesen sitt forslag: Grov-alternativet, med prioritert byggestart på parsellen Haukå-Svelgen.

Sjølv om denne tilrådinga blei einstemmig stemt ned i kommunestyret, fekk Grov-tilhengarane likevel traseen sin. Etter lange gruppemøte der Ap var delt på midten, og delar av Høgre plutseleg gjekk i samarbeid med KrF, Sp og nokre frå Ap om eit alternativt framlegg, enda det heile med ein hestehandel. Dei som stemte Grov for husfreden si skuld fekk det som dei ville på sjølve prioriteringa av kva rekkefølge parsellane skulle byggjast ut i.

22 for og 1 imot

Utbyggingsrekkefølga blei vedteken i samsvar med prioriteringane i styret i Kystvegen Måløy-Florø på dei tre første punkta:

1. Ny veg frå Svelgen-Indrehus

2. Ferjefri kryssing av Nordfjord frå Tongane til Biskjelneset med tilførslevegar til rv. 15 på Almenningsfjellet og fv. 616 ved Hamnen

3. Ny veg frå Svelgen til Sørdalen

Punkt fire i rekka i kystvegstyret sitt vedtak var det som det venta blei dissens på, ny veg frå Indrehus via Terøya til Flora.

Her stemte Charlotte Skjølberg (SV), som den einaste, for Terøy-alternativet.

- Av respekt for mine kollegaer i partiet og våre nabokommunar, går eg for Terøya. Men eg er glad for å sjå eit samla kommunestyre, sa ho.

Etappevis utbygging

Per Helge Eikeland (Ap) og Magne Kjerpeseth (Sp) var blant dei som var glade for hestehandelen som kom i stand mellom partia. Det sikra sigar for deira alternativ.

- Kva er det med Grov-traseen som gjer at det var så viktig for dykk å stå på det standpunktet?

- For meg var det moglegheita til ei etappevis utbygging. At det ikkje blir eit for stort prosjekt som skal realiserast. Skulle ein tatt Terøya, ville ein måtte ha bygd ut for for mange milliardar på ein gong, seier Per Helge Eikeland til Fjordenes Tidende etter at fleirtalsvedtaket for Grov-traseen var eit faktum.

Han trekker også fram næringslivet i Svelgen som ser mot ein stor arbeidsmarknad i Førde.

- Vi får jo kortare veg både til Førde og Florø med ny veg, men med Grov-alternativet får vi i pose og sekk. Her er ikkje minst kortare veg til sjukehuset veldig viktig, seier Eikeland, og peiker mellom anna på Elkem og arbeidsuhell der som har hatt dårleg utfall.

Magne Kjerpeseth støttar han på sjukehusargumentet.

- Dei snakker om at desse minutta til sjukehuset ikkje tel. Men alle minutt tel i ein slik situasjon, seier han.

Måtte inngå kompromiss

Men semje i kommunestyret om Grov-traseen kom med ein kostnad.

- Eg har kjempa for rassikring og utbetring av Magnhildskaret i 25 år, og er sjølvsagt misfornøgd med at den no hamnar lenger ned på lista. Eg ville hatt den som nummer to etter Svelgen-Indrehus, Men det er mitt kompromiss for å få til dette. Det var det beste vi kunne få til i dag, seier Kjerpeseth, og legg til:

- Alle har både vunne og tapt i dag.

- Vi er godt fornøgd med fleirtalet. Og vi skal ikkje kimse av støtte frå Førde. Den er viktig, seier Eikeland.

Kåre Jarl Langeland (V) åtvara frå talarstolen om at samarbeidsklimaet mellom Bremanger og nabokommunane kunne bli skadelidande som følgje av det vedtaket dei no stod i ferd med å gjere.

- Venstre har ikkje noko problem med å lande på Grov. Vi har jo kjempa fram forslaget om å gå for ei låglandslinje. Det har vore tanken hele vegen. Men det vi gjer no handlar om usemje, Og det trur eg vi skal få merke framover, at dette ikkje blir godt mottatt. Venstre kjem til å gå for Grov, sånn at vi får den semja, men vi speler høgt i forhold til å snakke samarbeid framover. Og det blir ein formidabel jobb å prøve å få mest mogleg ut av det, sa han til kommunestyret før avstemming.

Trur samarbeid vil gå fint

Eikeland og Kjerpeseth, på si side, er ikkje uroa for vidare interkommunalt samarbeid.

- Eg trur ikkje det blir vanskeleg. Eg var på det felles formannskapsmøtet i Flora tysdag, og såg at det var delte meiningar i Vågsøy også. Vi kan samarbeide sjølv om vi ikkje er einige, seier Magne Kjerpeseth.

No håpar dei politikarane i Vågsøy vil falle ned på same avgjerd som dei i kommunestyremøtet i Vågsøy torsdag.

- Det hadde vore gledeleg om Vågsøy landa på det same, seier Eikeland.