Åheim Bygdeutvikling inviterer til folkemøte i Olivinhallen 20. april for å ta del i diskusjonen om kvar Åheim skal ha si tilhøyrsle i framtida når nye grenser no blir teikna og nye kommunar og regionar blir fastsette.

Målet med folkemøtet er å få presentert moglegheiter og argument – for og i mot – slik bygdeutviklingslaget kan lodde interessa for om ein skal gå vidare i prosessen med å få greidd ut eit alternativ sørover mot Nordfjord, skriv bygdeutviklingslaget i ei pressemelding.

Kva blir konsekvensane for Vanylven når det no viser seg at kommunen vert ståande åleine og kva blir konsekvensane når Vanylven i neste omgang blir slått saman nordover? Kan det tene folket på Åheim betre med tanke på framtida og ei positiv utvikling å bli ein del av den nye Vestlandsregionen og Eid-Selje kommune? Eller skal vi halde fram med å vere ei ”øystripe”, klemd mellom Rovdefjorden og ei massiv regiongrense i ein Møre og Romsdal-region, er alle spørsmål bygdeutviklingslaget stiller seg.