– Frå 2020 vil det starte ein ny politisk drakamp internt i dei ulike partia, men ikkje minst mellom sentra Florø og Måløy der Florø er desidert størst og sterkast. Dette trur eg folket i begge kommunar bør merke seg, seier bystyremedlem Martin Igland Malkenes (MDG) fra Flora.

Han var ein av fem i Flora bystyre som stemte mot ei samanslåing med Vågsøy tysdag. No vil han advare Vågsøy mot å gjere som Flora og seie ja til Kinn kommune.

– Største velgarmasse og administrasjon vil være i Florø. Og slik Leikanger trur dei er freda mot Bergen i vestlandsregionen ser intensjonsavtalen ut til å leggje opp til det same mellom Flora og Vågsøy. Ola Teigen og Kristin Maurstad verkar å ha det svært fint i lag. Korleis realpolitikken blir med deira etterkomar i ordførarsetet veit ingen. Men å tru at maktbalansen mellom Florø og Måløy vil være jamn i ein ny kommune er mildt sagt naivt, meiner Igland Malkenes.