Ingen personar er skadde, men politiet opplyser at denne trafikkerte vegen vil bli stengd fram til laurdag, opplyser politiet til NRK.

Det har rasa frå den bratte fjellsida og politiet antydar at raset er 25 meter langt og fem meter høgt.

Dette er ein del av den framtidige kystvegen mellom Bremanger og Kolset.

Dermed har bygdene i ytre Bremanger ferja Måløy Oldeide som einaste alternativ ut av kommunen.

Fjordenes Tidende føl opp saka.