– Når vi ligg over 60 prosent så er vi kjempefornøgde. Beleggsprosenten er også forholdsvis høg, og talet innleggingar har auka kvart år, fortel Merete Melheim, som er seksjonsleiar ved God Start.

I 2014 var talet innleggingar på God Start 153. I 2015 var dette talet 175, og i fjor var det 197 kvinner som var på avdelingsopphald ved God Start.

– Vi ser at det aukar kvart år og vi merkar det i kvardagen. Bemanningssituasjonen er litt annleis enn kva den var, så til tider er det ganske travle dagar. Men samstundes er det veldig kjekt at kvinnene ønskjer å nytte oss, seier Melheim.

Sindre Aabrekk, vesle Rasmus og Ingeborg Malm Aabrekk er godt fornøgde med tilbodet dei får på avdelinga. Dette er andre gongen foreldra nyttar God Start.

Ein har i dag det same talet jordmødrer som ein hadde før nedlegginga av fødeavdelinga i 2012, men talet barnepleiarar er noko redusert.

– Vi er elleve jordmødrer og fire barnepleiarar. Barnepleiarane er fordelt på 2,5 stilling. Mange av jordmødrene er ute i kommunane. Vi er det same talet jordmødrer, men ein kler andre roller, fortel Melheim.

Jordmødrene har ansvaret for svangerskapsomsorga ute i kommunane. Kommunane som er med på dette prosjektet er Vågsøy, Selje, Eid, Gloppen, Stryn og dels Bremanger. I Vågsøy er jordmødrene fem dagar i løpet av 14 dagar, i Selje tre dagar i løpet av 14 dagar og i Eid to dagar i veka.

I tillegg tilbyr jordmødrene i kommunane følgeteneste.

– Før fødeavdelinga vart lagt ned var ein veldig uroa for at det skulle bli fødde mange barn langs vegen, men slik har det ikkje blitt. Talet her ligg jamt rundt fire fødslar i året, forklarar Melheim.

På sjukehuset har talet hastefødslar låge stabilt på om lag fire fødslar i året.

Utvidar tilbodet

Tidlegare år har ikkje barselavdelinga hatt ope i påska, men det skal ein ha i år.

– Det har vore jordmor på vakt tidlegare år også, men vi har ikkje hatt ope for barsel og døgninnlegging, men det skal vi i år. Så då håpar vi at nokon vil nytte oss då også, seier seksjonsleiaren.

I tillegg til God Start er det i dag tilbod om ultralyd diagnostikk ved sjukehuset. Dette tilbodet har dei hatt i tre år.

– Vi har ei jordmor som har teke vidareutdanning. Det var tenkt primært til rutineultralyd, forklarar Melheim.

Linda Grotle Hauge er jordmora som har teke vidareutdanning, og ho kan fortelje om svært stor pågang.

– Avtaleboka mi er full til godt ut i mai, så vi ser at dette er eit veldig populært tilbod, understrekar Hauge.

På sjukehuset har ein også gynekolog innom med jamne mellomrom. Her er eldre kvinner prioritert slik at dei skal få mindre reiseveg.

God respons

På God Start-avdelinga ved sjukehuset tilbyr ein familierom, råd og rettleiing og oppfølging rundt barnet og amming.

– Vi får veldig mange gode tilbakemeldingar. Vi klarer ikkje å treffe innertiar kvar gong, men på det jamne er responsen veldig god.

Ingeborg Malm Aabrekk og Sindre Aabrekk frå Oldedalen har nyleg blitt foreldre til vesle Rasmus. Dei nyttar seg av God start-tilbodet for andre gong, og er svært fornøgde med avdelinga på Nordfjordeid.

– Det ligg i ordet kva ein får her. Ein kjenner seg tryggare og kan slappe meir av, fortel dei nybakte foreldra, som peiker på at det at dei ved God Start får vere i lag.

– I Førde så får ikkje far sove på det same rommet. Det er gull verdt her. Ein kan jo lure på om det hadde vore like god oppfølging her om ein hadde hatt fødestove i tillegg. Vi er i alle fall kjempefornøgde.