Som advokat, politikar og styreleiar i Nordfjord Havn er Elisabeth Elliott engasjert i det meste. Det håpar ho å overføre til dottera.

Blant styrerepresentantar i aksjeselskap (AS) er om lag åtte av ti menn. Det viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

Les meir om prosjektet «Likestilt» her.

– Eg syns det er trist at det er slik i 2017. Eg trur næringslivet går glipp av noko når det er få kvinner representert i styra, men så har eg også lyst til å seie til alle kvinnene at dei går glipp av noko. Kvinner bør stille seg til disposisjon, understrekar Elliott.

Sjølv er ho aleinemor til ei jente på 4,5 år, jobbar som advokat, sit i kommunestyret i Vågsøy for Høgre, er første vara til fylkesstyret i Sogn og Fjordane Høgre og leier ein time på treningssenteret i Måløy ein dag i veka. Dette i tillegg til vervet som styreleiar i Nordfjord Havn, som ho fekk i januar 2016.

– Mange vil seie at eg forsømmer dottera mi ved at eg er mykje vekke, men når eg er heime så er det ikkje nokon som når meg på telefon og det opplever eg at eg får respekt for i dag. Dei timane eg har heime dei er til ho, seier Elliott, og fortset:

– Det er viktig for meg å våge og seie at for å vere ei god mamma så må eg òg ha det bra. Eg er ein person som likar å styre med mykje. Det gjev meg energi og mykje tilbake.

– Eg brukar ein del tid på å forklare at eg er vekke på reise, på møte og kvifor eg gjer det. Eg ønskjer å bygge opp eit engasjement hos henne, slik at ho i framtida skal bry seg og at ho skal sjå verdien av å bidra i lokalsamfunnet.

Gamaldagse haldningar

Sjølv om Elliott no er komfortabel i sjefsrolla har ho kjent på det ho omtalar som gamaldagse haldningar.

– Første gong skjedde det i ein rettssal under rettsforhandlingar. Eg var ein ung advokatfullmektig, og ganske nervøs i utgangspunktet, og eg vart tiltalt som «lille venn». Eg vart heilt sett ut over at det gjekk an. Eg har snakka med fleire om dette, og det er noko unge menn også kan oppleve fordi dei er unge og trakka inn på eit territorium som helst er kledd av eldre menn, understrekar ho.

– Eg kan merke når eg kjem inn i eit rom at eg like gjerne kunne vore luft, og at det eg måtte seie blir oversett. Då eg trådde til som styreleiar, verka det som at det for enkelte gjekk sport i å teste kor tilgjengeleg eg var. Vi skulle konsekvent ha møta på kveldstid. Nokre ville nok behandla meg annleis om eg var mann, men samstundes opplever eg at eg blir møtt med meir respekt fordi eg er ei ung kvinne som har den rolla eg har.

Enkle grep

Elliott meiner ein har ei tradisjonell kjønnsrollefordeling, der ein heng etter samanlikna med den generelle samfunnsutviklinga.

– Eg trur dessverre dette heng saman med at godt vaksne menn er av den oppfatninga at det berre er likesinna som kan klare desse jobbane eller verva på ein god måte. I tillegg må jentene våge å gjere seg tilgjengelege og søke på jobbar. Når det er få jenter å velje mellom, så er det også lett å velje dei vekk.

Ho meiner ein med enkle grep kan gjere det lettare for unge kvinner og menn å bidra i lokalsamfunnet.

– Det handlar om å legge til rette for at alle kan få engasjere seg. Om ein berre ser på kommunestyremøta i Vågsøy så startar dei klokka 14, og dei er aldri ferdige innanfor ordinær opningstid i barnehage. Kanskje ein kan sjå på alternative møtetider, seier Elliott.