Som kjent gjekk det eit stort stein- og jordras torsdag kveld like vest for tunnelopninga av Skatestraumtunnelen.

Ingen personar vart skadde. Men raset skapar problem for mange som er avhengige av denne vegen.

Rundt klokka 09.00 fredag morgon er det venta at det kjem geolog for å sjå på området. Då blir det bestemt kva som vil skje vidare.

Men det er på det reine at vegen blir stengd utover fredagen.

Fjordenes Tidende føl opp saka.