Lote-Anda blei ein versting når det gjeld kanselleringar etter at ein bytte vekk den godt utrusta MF Lote.

Medan det i 2012 berre var 10 kanselleringar på sambandet Lote-Anda med MF Lote, auka dette til 112 kansellerte avgangar i 2016 med MF Årdal, viser tal NRK har henta inn.

– Det er vel ingen europa- og riksvegsamband som blir stengt oftare. Det spesielle er at sambandet berre har ei ferje, konsekvensane blir ekstra store, seier rådgjevar i ferje og forvaltningsseksjonen i Statens vegvesen, Trygve Haram til NRK.

Tala henta inn viser følgjande årlege kanselleringar:

  • 2012: 10 kansellerte avgangar (MF Lote)

  • 2013: 7 kansellerte avgangar (MF Lote)

  • 2014: 16 kansellerte avgangar (MF Lote)

  • 2015: 80 kansellerte avgangar  (MF Lifjord)

  • 2016: 112 kansellerte avgangar (MF Årdal)

  • Per februar 2017: 56 kansellerte avgangar (MF Årdal)

MF Lote gjekk på sambandet frå 2008 til årsskiftet 2015. Den har to motorar i kvar ende, som gjer at den kan reparerast medan den går. Dei fire motorane gir også ekstra kraft når det er mykje vind.

Regionleiar Tor Kristoffersen i Fjord1 seier til  NRK at dagens ferje er dårlegare enn MF Lote, men at ein ikkje kan vente å få den tilbake grunna disponering gjort av Statens vegvesen.

–  Dagens ferje Årdal er godt innanfor krava, det er berre det at Lote er ei mykje betre ferje. Dette er ei vurdering Fjord1 har gjort, vi er i løpande dialog og får ta det derfrå, svarar Trygve Haram.

Ved årsskiftet 2018 får Lote-Anda to nye miljøferjer.