– Det blir eigne Elviskonsertar på Kulatoppen og Skaretun under festivalen i år også, smiler Helge Hjelle i festivalen.

Det var i forkant av fjorårets festival at arrangørane bestemte seg for å lage ein konsert for bebuarar og pårørande på Kulatoppen omsorgssenter.

– Ein halvtime etter denne konserten ringde dei frå Skaretun og ville ha det same opplegget der, fortel Hjelle.

Dette var ein så stor suksess at Elvisfestivalen legg opp til konsertar på Skaretun og Kulatoppen i år også.

– Vi har fått utruleg gode tilbakemeldingar på dette arrangementet, slår arrangørane fast.