Desse er Vg2 industriteknologi, Vg1 studiespesialisering og vg2 helsearbeiderfag.

Elevrådsleiar Eline Norhagen, som sjølv går på Vg1 helse og oppvekst, fortel at elevane er skuffa over avgjerda.

Nedlegginga av Vg2 helsearbeiderfag fører til at elevrådsleiaren må flytte på hybel til hausten.

– No blir det hybelliv på meg. Det er ikkje alle 16-17 åringar som vil flytte vekk, og det er er mange foreldre som er uroa for å sleppe vekk ungane sine. Hadde ein budd heime hadde ein spart mykje pengar, fortel Norhagen, og legg til:

Ho trur nedlegginga vil påverke det gode miljøet på skulen.

– På skulen har vi i dag eit utruleg godt forhold mellom elevar og lærarar, og mellom elevane. Vi scorar høgt på alle elevundersøkingane. Vi har nesten gitt opp når vi ser kva skulen har gått fram med av informasjon, og fylket likevel har sagt nei. Men vi vil gjerne kjempe for saka, seier Norhagen.

Ordførar Lena Landsverk Sande (V) vil i likskap med elevane kjempe vidare for at linjene ikkje blir lagt ned.

– Vi akspterar at Vg2 indistiteknologi blir lagt ned. Men med tanke på Vg1 studiespesialisering så er dette 16-åringane våre. Både foreldre og elevar ser at dei trenge å vere heime eit år eller to til. Det at ein kan bu heime er noko som bidrar til å minske fråfallet i vidaregåande. På Vanylven vidaregåande er det nesten ikkje fråfall, fortset Landsverk Sande.