Det legemelde sjukefråværet i Sogn og Fjordane var 4,8 prosent i 4. kvartal 2016, mot 5 prosent for same periode i fjor. I same periode er sjukefråværet på landsnivå uendra på 5,4 prosent.

Saman med Rogaland, har Sogn og Fjordane nest lågast sjukefråvær i landet. Berre Oslo med 4,5 prosent er lågare.

Blant kvinner har sjukefråværet gått ned frå 6,2 prosent i 4. kvartal 2015 til 5,9 prosent i 4. kvartal 2016. Blant menn er sjukefråværet uendra på 3,9 prosent.

Helse- og sosialtenester har nest høgast sjukefråvær med 6,6 prosent. Dette er ein reduksjon på tre prosent frå 4. kvartal 2015. Industrien har eit sjukefråvær på 4,6 prosent, ein auke på to prosent.

Balestrand, Eid og Askvoll (høvesvis -29, -22 og -21 prosent) er dei kommunane som har størst reduksjon i sjukefråværet frå 4. kvartal 2015.

Lokale talBremanger: 5,4% (2015), 5,4% (2016) -0,1% (endring)Vågsøy: 6,2% (2015), 5,9% (2016), -3,9% (endring)Selje: 5,9% (2015), 5,3% (2016), -10,6% (endring)Eid: 6,2% (2015) 4,9% (2016), -21,5% (endring)