Foredraget i kinosalen er eit tverrfagleg opplegg med eit naturleg fokus på nye media og journalistikk. Både sosiale media og falske nyheiter er i tida, og dette vil elevane kunne få kommentert frå ein som er ekspert innan journalistikk. Stanghelle vil også gå innom historiske og politiske tema som Brexit og den mykje omtala amerikanske presidenten, Donald Trump. Det er også sett av god tid til samtale med elevane, der dei får kome med sine spørsmål.

Kåra til den journalisten med mest tillit

Stanghelle starta si karriere som journalist alt som 15-åring ved avisa Dagen. Han kjem frå Stanghelle i Hordaland og har vore tilsett i mange av dei større avisene i landet. Mellom anna har han vore sjefredaktør i Dagbladet og er no tilsett i Aftenposten som redaktør.

Stanghelle har motteke fleire prisar for god journalistikk, mellom anna den gjeve SKUP-prisen (1991), Den store journalistprisen (2001) og Gullpennen (2006). I ei meiningsmåling i fjor vart Harald Stanghelle kåra til den journalisten med størst tillit her i landet.