– Vi er godt likestilt. Det er han som lagar middag, og eg vaskar opp. Eg klipp graset, som eigentleg er ein mannejobb. Eg er ikkje så mykje i fjøsen. Det er eigentleg ein kvinnejobb å mjølke geitene, men det er han som gjer. Vi er ikkje opptekne av det, vi gjer som det fell oss inn og passar oss, seier Silje Christine frå Raudeberg.

I bygda under Jostedalsbreen driv ho og ektemannen Elvebakken gardsysteri, på ein gard med 100 geiter, 2,5 tonn osteproduksjon, fire barn og ei fotballbane i gamlefjøsen.

Færre kvinner på bygda

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at trenden med at kvinner «rømmer» frå bygda til større byar framleis er gjeldande. Gjennomsnittleg er det 95 kvinner per 100 menn i aldersgruppa 20–39 i Norge i dag. I Oslo er det 101 kvinner per 100 menn og for Sogn og Fjordane er talet nede i 91 kvinner.

– Kurt, som er herifrå, visste jo at han trivst. Det var meir opp til meg.

Då dei eldre søstrene til Kurt sa frå seg odelen, tok paret i 2009 over garden og ysteriet som svigerforeldra til Silje Christine starta for ti år sidan. Og ved å flytte til ei lita bygd med kring 100 innbyggjarar, har 33-åringen frå Vågsøy gått mot straumen.

– Det vi likar her er fridomen. Vi bestemmer sjølve korleis vi vil jobbe og korleis dagen skal vere, seier Silje Christine.

Det er framleis svigerfar som står for sjølve kokinga av osten. Kurt tek seg av geitene.

Garden leverer 60.000 liter mjølk til Tine, og det som blir til overs går til koking av ost. Dei produserer kring 2,5 tonn av brunosten Kalda-Kari i året, målet er 3 tonn.

– Lokalmat er i tida. Det er ein stor etterspurnad, og vi klarar ikkje å produsere nok, men vi likar også å ha eit roleg liv og tid til ungane.

Vel vekk fulltidsjobb

Fotballinteressa tok Silje Christine til Sogndal og idrettslinja, før ho heldt fram på førskulelærarlinja. Ho jobbar no tidvis som barnehagevikar.

– Eg har betre betalt for å ta to klokingar i veka i ysteriet enn ein heil arbeidsmånad i barnehage. Så eg jobbar mindre enn ein fulltidsjobb. Det finnast pedagogiske stillingar eg kunne søkt, men eg har valt å ikkje gjere det.

– Vi set på kjelen halv seks om morgonen, og så er den ikkje ferdig før sju-åtte om kvelden, fortel ho.

Med gardslivet kan dei i større grad styre livet sjølve, noko ho ser på som ein fordel med dei fire barna Maja (3), Julian (6), Linus (9) og Noah (11).

– Det er ikkje eit tap å ikkje ha ein ni til fire-jobb. Det er ein fordel, ein slepp jaget og maset.

– Det er mange som flyttar tilbake, både kvinner og menn. Og vi har eit bra samhald. Vi er ikkje så mange familiar her, men eg trur vi er meir sosiale no enn om vi hadde budd i Sogndal, avsluttar ho.