Bygdefolket i Refvik er bekymra for campingplassen som stadig har mindre mark å stå på.

– Eg trur 20 meter med mark er vekke i alle fall. For 30 år sidan var dette ikkje noko problem, då gjekk det andre vegen. Og så snudde det, og det begynte å bli mindre og mindre. Eg synest det har gått veldig fort, seier Reidar Refvik i grunneigarlaget i Refvik.

250 meter lang mur

– Vi har levert frå oss eit forslag til kommunen, og vil også ta kontakt med miljøvernavdelinga til Fylkesmannen, seier John Egil Eriksen i Refvik grunneigarlag.

Gjennom fleire år har vêr og sjø greve seg innover sandvollane og den dyrka marka, og bygdefolket i Refvik er bekymra for campingplassen. For å hindre at endå meir av den dyrka marka forsvinn, føreslår dei å setje opp ein beskyttande mur frå campingplassen og nordover.

– Det er i den spede byrjing, men vi snakkar jo om kostnader som ikkje grendelaget eller vi i bygda greier å ta, seier Eriksen, som trur kostnadene blir i millionklassen.

– Det vi hadde tenkt i første omgang er ein mur på cirka 250 meter. Den skal vere i fin gråstein. Det skal ikkje vere ein høg mur som folk kan ramle utfor, men meir som ei trapp nesten skjult av sanden, seier Reidar Refvik.

Vil utvikle campingplassen

– Vi har planer om å utvikle campingen og området. Og det er jo klart at med ei slik uvisse, så kan ein ikkje ta sjansen på noko sånt. Det er store kostnader for ei bygd, men er noko som gagnar heile kommunen, seier Torunn Refvik.

– Må de gjere noko tiltak til sommaren?

Straumpålane til bubilar og campingvogner er no ikkje langt frå kanten til sanden.

– Ja, vi må gjere noko. Alternativt er å sperre av, så det ikkje blir endå verre av at det er så mykje trakking og at det et seg innover på dyrka mark, seier John Egil Eriksen.

– Eg tenker at vi må sette i verk å lage til gangbru eller noko. Vi har ikkje så veldig stor teltplass, og på finvêrsdagar, så treng vi plassen framfor sanitæranlegget til campingvogner og bubilar. At vi må lage til noko provisorisk her nede i år, det må vi, seier Torunn Refvik.

– Det er jo den viktigaste turistattraksjonen i Vågsøy kommune, seier Reidar Refvik.

Trur taretråling er årsaka

Grunneigarlaget trur taretråling er ein av årsakene til problema dei ser.

– Taretråling er ei medverkande årsak til at den dyrka marka på campingplassen forsvinn, det er det ikkje tvil om, seier John Egil Eriksen.

– Det er jo ikkje bra, det seier omtrent seg sjølv, at når det som skal dempe havet blir teke vekk kvart femte år. Og når det veks opp igjen, så kjem dei igjen og tek det ein gong til, seier Reidar Refvik.

Han blei med i grunneigarlaget i 1982, som allereie då peika på problem med taretråling.

– Vi protesterte på denne taretrålinga, men folk lo av oss. Vi blei ikkje teke på alvor i det heile. Vi måtte komme med bevis, men det hadde vi jo så klart ikkje, seier Refvik.

– Det er ikkje berre marka, det er sjølve sanden også, som har blitt lågare. Før, når du kom ut der som flomålet er, så var det som regel ein bratt bakke ned med to-tre meter høgdeforskjell, og no er det omtrent flatt i havet, seier han og viser til fleire årsaker.

– Ein har dette med klimaforandringar, og bølgjene i Atlanterhavet som har blitt høgare. Men når heile tareskogen forsvinn, så blir det jo ein effekt.