– Eg vil nok seie at dette er ein mannsdominert industri, men vi har ein kvinnedel på 26 prosent hos oss, seier personalsjef Trudi Vågene i hjørnesteinsbedrifta Elkem i Svelgen.

Ho er oppteken av moglegheitene som finst for dei 185 tilsette, og at desse finst like mykje for kvinner som for menn. Då ho starta i jobben for åtte år sidan, var ho til dømes den einaste kvinna i leiargruppa. No er fire av ti i leiargruppa kvinner, og ho hadde gjerne sett endå fleire.

– Ein er like godt eigna som kvinne i alle delar av organisasjonen, og forholda skal leggast til rette slik at det skal eigne seg for alle. Før var det slik at ulike arbeidssituasjonar var så fysisk krevjande at det berre var menn som greidde det. Slik er det ikkje lenger. Industrien endrar seg.

– Vi ser det mellom anna på lærlingane vi får inn. Vi har kring 17 lærlingar og tilgangen er veldig god når det gjeld jenter. Eg trur vi kjem til å sjå ei større utjamning over tid.

Fleire jenter vel kjemi- og prosessfag, og mange vil bli i jobbane etter enda læretid. Blant dei 185 tilsette i Elkem, er det i dag 48 kvinner.

– Det har ei stor betydning for mangfaldet og arbeidsmiljøet. Ein har store val- og utviklingsmoglegheiter, og om ein ønskjer å satse vidare, så kan ein det, seier Vågene, og viser til at ein i Elkem også har eit stort spenn i fagområde i tillegg til produksjonsprosessane.

Ei av dei som satsar er Marthe Erdal Kjelstadli (25). Dei siste åtte månadene har sivilingeniøren i industriell kjemi og bioteknologi vore trainee, og skal gjennom ordninga vere på tre ulike lokalitetar. Lyon i Frankrike er neste stopp for Marthe.

– Eg enda opp med å skrive masteroppgåva mi om silisiumproduksjon, så då blei Elkem der eg hadde lyst å ende opp, seier ho.

Ho tenker ikkje så mykje over at ho er på ein arbeidsplass med mest menn, men set pris på at det også er kvinner på avdelinga der ho jobbar.

– Eg merkar at vi kanskje har litt meir å prate om, smiler ho.

På Ovn 5, ei avdeling med like mange kvinner som menn, jobbar Jeanett Bergetun (24).

– Eg har jobba med folk som har tenkt at «dette klarar ikkje du», men så har eg motbevist dei. Det har vi alle gjort. Dei har tenkt at det har vore for fysisk tungt, eller at vi kvinner ikkje har mekanisk innsikt. Dei har bestemt seg på førehand at dette klarar ikkje kvinner, men så viser vi jo dei at det klarar vi, seier Bergetun, som byrja som lærling i 2011.

– Eg synest det supert å jobbe her. Eg har også fått moglegheita til å utdanne meg meir medan eg har jobba

her, seier Bergetun.

26 år gamle Athina Karipi vekependlar frå Naustdal til jobben i Svelgen. Ho trivst, men merkar også at det er flest menn på jobben.

– Ein støyter jo på nokre utfordringar, som ein lærer å leve med. Ein må tilpasse seg det mannlege miljøet, og praten dei har seg i mellom. Dei er kanskje røffare i praten. Men vi er to damer på avdelinga vår, så vi klarar å hanskast opp med desse karane. Vi samarbeider godt, og eg trur at vi har mykje å lære frå kvarandre, seier ho.

Elin Solberg (49) har snart jobba 30 år i bedrifta.

– Mentorane mine har vore menn. Dei har teke meg med og lært meg alt eg kan. Det er ein kjempefin arbeidsplass, der ein ikkje har noko avgrensingar på moglegheiter for dei som vil utvikle seg.

Likestilt

Reportasjeserie som blei starta i Fjordenes Tidende i mars. Den vil bli vidareført med fleire reportasjar og nyhendesaker i tida framover. Prosjektet har som mål å gi eit bilde av kvinner sin kvardag i 2017, samt å få fleire kvinnelege kjelder i avisa.