– Vi har for få jenter som spelar fotball i Eid. Dette er nok ei utfordring som er ganske lik over heile landet. Jenter er like godt rusta til å bli gode i jentefotball som gutar er til å bli gode i gutefotball, og vi er like godt rusta til å ha det kjekt på bana, så eg ser ikkje nokon grunn til at det skal vere færre jenter enn gutar som er aktive, fastslår Jannicke Hagen Henden, som vart valt til styreleiar i Eid IL fotball i mars.

Ho har teke initiativ til ei ressursgruppe som per i dag består av fem damer som alle tidlegare har vore aktive fotballspelarar på ulike nivå. Desse damene skal jobbe langsiktig med å rekruttere fleire jentefotballspelarar inn i klubben. I tillegg ønskjer styreleiaren at dei skal halde fram med eigne dagar som er spesielt lagt til rette for oppfølging av jentene i idrettslaget.

– Vi har hatt jentefotballens dag nokre gonger. På arrangementet vi hadde i mars deltok om lag 40 jenter. Vi skulle gjerne hatt litt fleire jenter i dei eldre årskulla, men vi prøvar igjen seinare, seier leiaren.

Vanskelegare å halde på jentene

Per i dag har ikkje Eid eit eige damelag. Det synest styreleiaren er synd. Ho peiker på eit stort fråfall blant jentespelarane som noko av grunnen til dette.

Henden meiner det er vanskelegare å halde på jentespelarane enn gutespelarane.

– Jentene er meir krevjande å halde på fordi dei er veldig bundne av sosiale relasjonar. Gutane er enklare på den måten. Likar dei å spele fotball så held dei fram med det. Mange jenter er med på fotball fordi venninnene er der, og vi som trenarar må i vareta eit større sprik i gruppa. I tillegg lurer eg på om det kan vere slik at jentene i mindre grad blir oppfordra til å bli verande i idretten. Kan det vere slik at vi som føresette oppdrar jenter og gutar ulikt, spør styreleiaren.

Foreldra er nøkkelen

For å klare å rekruttere fleire jenter peikar Henden på foreldra som viktige medspelarar

– Det er klart at interessene til foreldra spelar ei stor rolle. Eg skulle inderleg ønskje at vi som føresett presenterer fotballen som ein fritidsaktivitet for jentene våre, på like line som for gutane våre. I idrettslaget må vi også sjå på måtane vi jobbar på, vi må få fleire jentetrenarar og vi må få mødrene på bana. Det er vi som først og fremst påverkar jentene våre, seier ho, som sjølv er mor til fem fotballspelarar i alderen 6 til 14 år.

Nettopp dette var ein av grunnane til at Henden ønskte å bli styreleiar i fotballgruppa.

– Eg vil vere med å påverke det tilbodet ungane mine og venene deira skal ha. Eg har ein iver for å vere med og det er naturleg for meg å bidra, seier ho, og legg til:

– Eg brenner for at jenter skal spele fotball og ha den same moglegheita og det same fokuset som gutane.