– Eg dreiv linefiske fram til 1970, då tok eg over garden i Ervik, og måtte halde meg på land. På det meste hadde vi ni kyr i fjøsen, pluss ungdyr, seier Per Gunnar.

Han hugsar etterjulsvinteren 1972 svært godt. Det var fyrst møte i kyrkja på Leikanger, så Ervik, og det kom nærare og nærare.

– Eg ynskte dei som dreiv møta skulle reise herifrå og ikkje forstyrre meg. Men utan at eg var på eit einaste møte vart eg kalla av Gud, seier han.

Per Gunnar var klar over at om han gjekk på møte, måtte han bøye seg og verte kristen. Så han gjekk aldri. Faren til Per Gunnar hadde vore ein truande mann heile livet. Ein som truleg bad for dei ni borna sine.

– Han far kom heim frå møta og sa: «I kveld bøygde den seg, og i kveld bøygde den seg». Bygdefolk eg kjende. For meg brann det meir og meir under føtene.

– Paul og eg hadde vore i lag heile tida, i alle år, i gode og vonde dagar. For meg vart det eit hardt slag. Eg visste at han gjekk på møta, men tenkte ikkje at han vart kristen. Det fyrste eg tenkte var: «Ka i verda skal eg no gå?»

Faren til Per Gunnar sa rett som det var: «I kveld kan de gå, så kan vi sjå etter ungane.» Men Per Gunnar var utan interesse.

Lillian «bøyer seg»

Møta kom til Ervik kapell, like ved garden. Den fyrste som omvende seg der i bygda var kona hans, Lillian. Med seg heim fekk ho eit hefte: «Til nyvakte».

– Han pappa kom heim att og sa at Lillian hadde bøygt seg, og at eg måtte vere snilde med henne. Det prøvde eg å vere. Ein dag stod vi inn med fjøsa og prata, eg gjekk inn og fora krøtera. Utan eg tenkte over det, oppdaga eg at eg gjekk og nynna på songen: «Han tek ikkje glansen av livet, den frelsar som kallar på deg».

Heftet til kona las eg når ho var på møte, eg ville sjå kva det var for noko. Straks ho kom i døra, hivde eg det frå meg. Ho skulle ikkje sjå at eg sat og las slikt.

– Merka du kallet frå Gud?

– Heile tida, heile tida. Eg fekk ikkje fred verken dag eller natt. Tanken eg frykta var at gjekk eg på møte, så bøygde eg meg og vart ein kristen. Eg tenkte at medan eg var ung og sprek, 29 år, så ville eg leve livet. Det var greitt nok når eg vart sjuk og gammal, å ta imot.

Per Gunnar stupte

Ein kveld stod Per Gunnar og snakka med faren utfor fjøsen. Faren sa han kunne styre fjøsen, men Per Gunnar ville ikkje på møte. Akkurat der, utan vidare, gjekk han over ende, låg strak på marka. Dei som stod omkring ville ringe dokter. Dei trudde det var hjartet.

– Eg var vekke ei kort stund, før eg vakna. Då eg oppfatta snakk om hjarteinfarkt og dokter, glytte eg på auget og sa: «Det er betre å sende bod på han Martin Halleraker, talaren på kapellet», fortel Per Gunnar, som sjølv visste kva som var problemet.

Halleraker kom, og fann Per Gunnar på ein sofa inne i gamlestova. Drivande våt av sveitte.

– Eg hadde ikkje vore våtare om eg hadde hoppa i vatnet, seier Per Gunnar 45 år seinare.

Halleraker kom inn i stova, slo opp Bibelen og las frå Esaias 53. v. 5: «Men Han vart såra for våre brot og sundbroten for våre synder. Straffa vart lagd på Han så vi skulle ha fred, og ved Hans sår har vi fått lækjedom». Per Gunnar gav opp motstanden.

– Eg hugsar endå godt fyrste kvelden då eg kom i kapellet. Dei andre som var frelste før meg kom og tok meg rundt halsen og ynskte meg velkommen, ei stor oppleving for meg. Denne kvelden knelte eg ved altaret og overgav livet mitt til Herren Gud.

Etter ei forfriskande tid, med fred, fekk han motbakke.

– Det hende eg opna Bibelen og las litt. Tanken slo ned. «Finst det meining i å lese på fleire tusen år gamle tekstar? Slikt som er utan betydning i dag?»

Dette skapte grunnleggjande spekulasjon og tvil.

– Så kom eg over avsnittet om ei sjuk kvinne som rørte ved Jesus kappe og vart frisk. Og Meisteren sa: – Trua di har frelst deg! Eg forstod då at mi tiltru til Meistaren var poenget.

Denne avklaringa har halde seg stabil i dei 45 åra som er passert etter fallet ved fjøsen. Uroa vart bytt med trygg fred.

Songen i mannsgruppa

Per Gunnar tenkte ikkje så mykje på det den tida han og Mannsgruppa reiste og song. Men når han seinare har lytta til same songane tenkjer han det var nokre alvorleg tekstar dei hadde. Favorittsongen er Arving til Himmelen, hvor Jesus og Hans engler bor: «Nå er jeg arving til det store riket. Et rike som for evig skal bestå. Jeg vil så gjerne dele med de andre. Så vi den samme arv kan få. Jeg arving er til hjemmet der hvor Jesus og hans engle bor. Jeg arving er til hjemmet der. Det har han lovet i sitt ord.»

– Du frykta eit miserabelt liv etter omvending?

– Ja, eg tenkte det. Ei tid etter vi vart frelste, vart kona og begge sønene våre alvorleg sjuke. Det stod om livet for alle tre. Eg meiner bønene frå dei andre kristne her ute hadde stor betydning, kombinert med dyktige folk på sjukehuset. Det såg mørkt ut då. Elles vil eg seie at eg har ein trygg plass å kome med livet mitt, som det er. Eg har fått hjelp i mine sorger, og ei kjelde til glede.