– Vi hadde 350 påmelde og 40 verksemder på stand. Nokre kom og registrerte seg i døra og andre dukka ikkje opp. Kring 350 deltakarar inkludert dei som stod på stand er vel eit realistisk tal, meiner prosjektleiar i Nordfjord vekst Karoline Myhre Føleide.

Ho har vore ein del av ein arrangørstab sett saman av Elin Paulsen frå Eid kommune, Solveig Midtbø frå Sagastad, Gunn Guddal frå Malakoff og varaordførar Eli Førde Årskog.

– Eg er imponert over kvaliteten på standane. Engasjementet er det ingen ting å seie på. Tilbakemeldingane frå verksemdene er at dei er nøgd, seier Myhre Føleide.

Ho fortel at det er mange jobbar ledig i Nordfjord for tida.

– Berre Sogn og Fjordane fylkeskommune har 50 ledige jobbar, riktig nok i heile fylket. Her er absolutt jobb for dei som kan tenkje seg å flytte.

– Veit vi noko av effekten av treffet?

– Eg veit i alle fall om mange som har fått jobb på slike arrangement.

Du kan lese meir om arrangementet i Fjordenes Tidende tysdag 18. april.