Etter det politiet opplyser så var det ikkje folk i huset som var under oppussing.

Brannvesen, politi og ambulanse rykte ut, men huset var overtent då brannvesenet kom fram.

Det var nabo til huset som melde frå om brannen.

Etter det politiet opplyser vart ingen personar skadde.

Men huset er totalt øydelagt.

I tillegg til å sløkkje brannen så jobba brannvesenet med å hindre at brannen skulle spreie seg til eit nabohus like ved.

Årsaka til brannen er ikkje kjent.