Saman med dei tilsette, og ikkje minst bebuarane på avdelinga Soltunet, gler ho seg over den sjenerøse gåva frå Rune Stian Nybakk. Han har kjøpt inn ein sju-setar som står fritt disponibel for dei tilsette på Soltunet, slik at dei lettare kan ta med dei åtte brukarane ut på tur.

– Slik alle skulle hatt det

– Det er veldig stor gest. Det er jo eigentleg slik alle skulle hatt det, å ha moglegheita til å komme seg meir ut og få andre impulsar, bruke sansane sine. Det er utruleg viktig, seier gruppeleiar Reidunn Øksdal.

Soltunet på Kulatoppen er ei avdeling for dei som er ramma av aldersdemens.

– Dette er fysisk friske brukarar, som har greitt for å komme seg inn og ut av ein bil, seier Øksdal.

Bebuarane er heller ikkje vanskelege å be når det gjeld å komme seg ut på tur. Bilen har allereie vore nytta fleire gongar.

Katten Linnea bur på Soltunet, og er i tillegg til hønene viktig i miljøbehandlinga på avdelinga, fortel Øksdal.

– Dei har vore ein tur til Bryggja på kafébesøk. Då brukte vi denne bilen og ein privatbil, så vi fekk med alle. Tilbakemelding frå personalet var at dette var ei veldig kjekk og fin oppleving, seier Øksdal.

Søndagsturar har det også blitt.

– Då har dei køyrt øya rundt, og dit brukarane har hatt lyst til å køyre. Ei lurte til dømes på om ein kunne køyre forbi huset der ho budde. Dei storkoste seg alle saman. Det er ei fantastisk oppleving for dei å få køyre rundt i kjende trakter.

Miljøbehandling

Dei åtte damene som bur på Soltunet er sosiale og aktive.

– Essensen for denne avdelinga er jo miljøbehandlinga. Vi prøvar å jobbe med «henda på ryggen», slik at brukarane held oppe ressursane sine, opplever meistringskjensle og har det best mogeleg, seier Øksdal.

Uteområdet med sansehage og hønsehus blir derfor mykje brukt. I tillegg bur katten Linnea på Soltunet.

– Personalet og bebuarane går mykje turar rundt huset, og då har dei ofte katten hakk i hæl, smiler Øksdal.

At ein no kan reise meir på tur, hjelper i behandlinga av brukarane, trur Øksdal.

– Til sommaren kan ein til dømes køyre ut på stranda og la brukarane kjenne sand mellom tærne igjen, avsluttar Øksdal.

Ønskte å lette kvardagen

– No har dei noko kjekt å gjere på, som ein aktivitet utanom, seier Rune Stian Nybakk, som har stilt bilen til disposisjon.

– Ein kjedar seg kanskje ofte, har lyst ut på tur, men så kjem ein seg ikkje nokon plass, seier Rune Stian Nybakk.

Rune Stian Nybakk har brukt nær 100.000 kroner på å kjøpe ein bil som dei tilsette på Soltunet på Kulatoppen kan bruke å ta med dei eldre ut på tur.

Han har derfor brukt nær 100.000 kroner på å kjøpe inn bilen som dei tilsette på Soltunet kan bruke til å ta dei eldre med ut på tur. Nybakk har både mor og tante på avdelinga.

– Mor likar å vere på tur, ho kosar seg veldig, det ser eg. Ho seier at ho får klarna tankane litt, seier han og fortset:

– Ein kan jo tenke seg sjølv, om ein var nøydd å sitte inne heile dagen, seier Nybakk.

Tilsette har av og til brukt sine eigne bilar for å reise på tur med dei eldre.

– Årsaka til at eg gjorde dette no, var at det har vore snakk om å få til ein bil. Men behovet er jo der no. Dei som jobbar her gjer ein fantastisk innsats, rosar han.

– Bilen gir oss mange fleire moglegheiter. Miljøbehandlinga er jo ein del av kvardagen, og dette er ein fin ting i forhold til dette med å sanse, skape meistringsfølelse og kjenne på gode følelsar, seier gruppeleiar Reidunn Øksdal på Soltunet.