– Eg reiste til Førde for å studere. Han som er frå Førde, har reist til Eid for å jobbe, fortel Andrea Skeide Bakke og ler av det ironiske.

Vi treff paret på Påsketreffet 2017 i Operahuset. Her marknadsfører lokalt næringsliv og offentlege institusjonar seg for potensielle arbeidstakarar. Her kan ein mingle, ete god mat og sjå etter jobb. Gruppa med utflytta nordfjordingar er sjølvsagt aktuell å forsøke å lokke heim.

Andrea Skeide Bakke legg ikkje skjul på at ho er freista av å etablere seg i heimbygda. Kjærasten Kjetil Husevåg Strømmen er på glid.

– Ho har lagt inn i framtidsplanane at vi skal bu på Eid, gliser han.

Og vi skjønnar såpass at han ikkje er skremt av tanken. Kjetil er nemleg tømrar, og då passar det godt at svigerfar Gunnar Bakke driv byggevarehandel og har gode kontaktar i bransjen. For tida er førdianaren i sving med bygging av hytter på Harpefossen med Balsnes Bygg.

Med bestefar frå Husevågøy er han kjend i distriktet. Familien har feriehus på øya. Dei to er blitt kjent gjennom felles interesse for ski. Andrea har vore ein hardtsatsande skiskyttar som reiste til Lillehammer for å gå på toppidrettsgymnas som 16-åring. Kjetil har drive med langrenn.

–Det at eg flytta til Lillehammer så tidleg trur eg gjorde at eg vart bestemt på at eg ville tilbake til Vestlandet. I dag var vi og gjekk tur og såg på det nye byggjefeltet i Hogaåsen. Det er veldig fint der! Det er uansett nokre år fram i tid, for Andrea har over to år att av studiet.

Stadpipe med base på Leikanger var av bedriftene som hadde stand. Kurt Sjåstad, produksjons- og personalsjef, fortel at dei har ledige jobbar til folk med relevant bakgrunn. Bedrifta har dobla talet på tilsette til 35 frå 2015.

– Vi ser spesielt etter industrirøyrleggarar, men nyleg tilsette vi også ein medarbeidar som driv med 3D-teikning, fortel Sjåstad.

Han hadde med seg dottera Maria på standen, og Aleksander Rundereim som har fått lærlingkontrakt. Han går no på industriteknologi ved Eid vgs.

–Det er eit døme på korleis vi rekrutterer, vi tek inn lærling kvart år og har heile tida tre lærlingar.