Det er to bygg som er i ferd med å kome opp på tomta i Breivika rett utanfor båtmoloen ved sentrum i Svelgen. Løvfald seier planen i utgangs- punktet er å leige ut leilegheitene, men at han også er open for sal dersom nokon ynskjer å kjøpe.

– Vi har erfart at marknaden er der. Vi har hatt førespurnader om å kjøpe. Dei siste åra har det også vore god marknad for utleige i Svelgen. Det har vore og er stor aktivitet i samband med linjebygging, steinbrotet Bremanger Quarry og planane til Steinvik Fiskefarm. Og aktiviteten ved Elkem er stabil, seier Løvfald om bakgrunnen for satsinga.

Kostnad kring ti mill.

Løvfald starta verksemd i 1991. I byrjinga var det Esso-stasjon, sidan er det blitt alt frå eigedomar til, kro, pub, snøbrøyting, hytteutleige og dekkhandel. Eigedomsportefølgjen inneheld også 12 hyblar på Naustneset, eit bygg i sentrum som er utleigd til ambulansetenesta og Ferstad installasjon, samt to store hytter der den eine blir utleigd. I samband med satsinga i Breivika har han med seg to kompanjongar - Roy Os og Kurt Svarstad.

Ifølgje Løvfald har byggjeprosjektet eit budsjett på kring ti millionar kroner, utan at han vil talfeste nøyaktig.

Portinstallatørar frå drammensfirmaet Nassau var på plass då vi var innom. Tor Erling Wolfram i aksjon i lageravdelinga i underetasjen.

Leilegheitene blir 55 kvadratmeter store. Det blir tre i kvart av bygga, med 180 kvadratmeter næringslokale under.

– Det blir ikkje noko skille nede. Planen er at det skal kunne leigast av kven som helst som treng garasje- eller lagerplass. Vi har sett at her er eit behov også for denne type lokale i Svelgen. Mellom anna treng vi ein del slik plass sjølv, til dømes til lagring av dekk.

Skal vere ferdig i juni

Arbeidet med tomta byrja allereie for eit par år sidan. 20.000 kubikkmeter stein er køyrt bort. Som Fjordenes Tidende har omtalt før, er noko av massane hamna som fyllmasse i hagen til Svelgen Hotell.

Sjølve bygginga starta midt i februar og målsettinga er å vere ferdig i juni.

Førde Sementvare har sett opp første etasjen.

– Resten av bygget skal vi setje opp sjølv. Vi er ein gjeng med seks mann inkludert meg sjølv som jobbar med bygginga, forklarer Løvfald.