– Det handlar om å hjelpe unge menneske tilbake til eit normalt liv. Behandlingstida på dei som kjem til oss er tre til fem år, så ungdomane er i ulike fasar. Vi har nokre heimar der dei kan kome og vere i periodar slik at dei blir ein del av ein normal kvardag. Men vi treng fleire familieheimar, seier Trine Stokkenes og Wenche Lefdal.

Stiftelsen Klokkergården er ei privat, ideell stifting som gjev tilbod til ungdom frå 13-årsalderen med rus- og åtferdsproblem.