Han blei ikkje heilt overraska då han høyrde kva Fylkesmannen torsdag tilrår for Bremanger, Vågsøy og Flora.

– Det var ikkje uventa, men likevel ikkje slik ein hadde håpa det skulle bli på nokon måte, seier kommunestyrepolitikaren.

– Samtidig ligg ein mellom to kommunar som faktisk er naboane våre, dei naturlege naboane, legg han til.

Langeland hadde likevel helst sett at ein hadde nådd fram med frivilligheit.

– Det var ikkje vårt primære ønske at vi ikkje skulle greie dette med frivillgheit. Men eg er ikkje overraska over at ein tek i bruk beordringsretten sånn som ting har utvikla seg. Vi var ikkje i ein samanslåingsprosess i første runde, det blei sagt klart, men så har ting utvikla seg. Også for Bremanger, seier han.

Om dette skulle bli det endelege utfallet for dei tre kommunane, håpar Langeland at ein klarer å få til eit godt samarbeid.

– Då håpar eg ærleg talt at ein erkjenner ting, og at ein jobbar for å få det beste ut av det.

Åge Senneset, også i Venstre, meiner det er bittert at Bremanger aldri fekk kome til forhandlingsbordet.

– Vi i Venstre har heile tida vore tihengarar av å gå i dialog med nabokommunane for å få vite kva som ligg der av fordelar og ulemper for Bremanger ved ei kommunesamanslåing. Men vi har måtta bøygd av for eit politisk fleirtal.

No er han uroa for at Bremanger kjem i ein dårlegare posisjon.

– Eg tenkjer først og fremst på at det er trasig for innbyggjarane at vi ikkje har vore ved forhandlingsbordet, og tatt og gitt slik ein gjer i desse prosessane. No veit eg ikkje kva som skjer vidare, men det er klart at kjem ein inn som tredjepart når to kommunar har forhandla seg saman, så treng ein ikkje vere atomforskar for å skjøne at utgangspunktet er vesentleg forverra.

– Kva om nabokommunane vil starte med blanke ark?

– Ja, viss det skjer, då viser dei storsinn. Det må eg seie.