Å oppnå draumar for ei norsk jente er stort. Men ikkje umogleg. For ei jente som vaks opp i eit krigsherja land er den største draumen fred og fridom. For Dunia vart det meir.

Familien Abdi, mor og seks barn, sat på vent i fire år i nabolandet Etiopia. Dei skulle bli foreina med faren i Svelgen. På flukt frå Mogadishu i Somalia - der dei var vitne til dei mest grusame krigshandlingar.

Profesjonelle modellbilder har sjeldan breie smil. Her er jobben gjort og Dunia kan igjen bruke sitt naturlege smilande uttrykk.

– Vi kom til Svelgen i 2006. Eg hugsar det veldig godt. Då vi landa på Gardermoen vart vi sett direkte på det eg følte var eit bittelite fly – frå Oslo til Florø. Det var seint då vi kom fram til Svelgen, og eg tenkte at dette såg stort og fint ut. Men det var kveld og alle lysa gjorde at det såg ut som ein stor by, ler Dunia, som i etterkant vart glad for å hamne nettopp i den vesle industribygda.

Ho reknar Svelgen som sin heimstad og fortel om mange gode minner.

– Eg er veldig glad i fotball og gjekk ganske raskt på bana i Svelgen for å vere med. Det er nesten rart å tenke på korleis vi kommuniserte på fotballbana utan å skjøne kvarandre sitt språk. Alle var greie og det var veldig kjekt. Eg spelte fotball i Etiopia også, men der var det meir aggressivt – det enda nesten alltid med krangling og slåssing. Borna hadde ei anna verd å leve i og alt vart på ein måte så voldsamt, minnast Dunia med eit visst vemod.

Ingen i familien har eksakt fødselsdato. Difor har nesten alle søskena tatt 26. juli – den dagen dei kom til Svelgen - som sin bursdag. Men akkurat kor gamle dei er og kva dato dei er født vil dei aldri få vite.

Vi møter henne på Oslo S for å vere med på fotoshoot. No er ho blitt modell. Vi tar ein ti-minutts togtur til Lillestrøm. Der yrer det av stylistar, frisørar, sminkørar og modellar i ein fullsett salong.

Ho sit i ein frisørstol og utsjånad-ekspertane svermar kring henne. Ein annan modell kjem bort og spør om det var ho som var på catwalken til Jan Thomas dagen før. Det kan Dunia stadfeste.

Sminkøren tar siste finpuss for fotografen tar over.

Det er ein uventa sjargong mellom modellane – høflege, venlege og oppmuntrande overfor kvarandre. Ingen brukar «spisse albogar».

Dunia er muslim og vaks opp med hijab. Då ho kom til Svelgen sa faren at dei skulle kle seg og vere som norske jenter.

– Eg syns det var stort av pappa og ganske uvanleg. Men eg stiller ikkje opp i bikini og sånt som modell. Det ville ikkje mamma like, seier ho.

På ein kafé på Østbanen møter vi søstera Luul. Dei set seg til å mimre om Svelgen.

– Norsklæraren vår Olaug (Loftheim), seier Luul og begge jentene tar seg til hjartet.

– Ho sa til oss; Gå ut og ta folk i Svelgen i handa og sei kva de heiter og kvar de kjem frå. Vi gjorde det og lærte masse norsk, pluss at vi oppdaga kor hyggelege folk der var. Eller er, samstemmer dei.

Dunia jobbar til dagleg i ein barnehage på Hovseter og skal til hausten til på studie som tannpleiar. I tillegg er ho besøksvenn for Røde Kors og driv med boksing.

Som modell er ho med i reklamefilmar for Tine, Canal Digital, New Energi, Sats Elexia og Prior.

Dunia hadde denne dagen eit modelloppdrag i Lillestrøm og blir fotografert i sid aftenkjole.

– Viss du føl skikkeleg godt med, så vil du sjå meg, seier Dunia før ho tek farvel over ein siste slurk med caffe latte på Østbanen. Ho forsyner seg av det livet har å by på og veit så inderleg vel at ting kunne vore veldig annleis.

– Eg trur kanskje vi gler oss meir over ting enn andre? For eksempel hugsar eg utruleg godt den dagen eg såg snø første gong. Det er det vakraste eg har sett nokosinne. Eg ropte «det snør!» Heile familien kom springande og såg på. Det var ikkje sånn at vi såg i fem minutt og gjekk kvar til vårt. Vi sat i timesvis og såg på dette kvite som kom frå himmelen. Eg vart så glad for at Norge vart mitt nye heimland.