- Både Fylkesmannen og regjeringa har sagt at dette skal vere ei reform basert på frivilligheit. Seinast i vår sa også Fylkesmannen spesifikt at ho såg utfordringane til Bremanger, seier Strømmen, som peikar på at ingenting er avgjort enno.

- Embetsverket har kome med ei innstilling, så er det demokratiet og politikarane som til slutt skal bestemme dette.

Strømmen seier han ikkje ser denne tilrådinga som noko grunn for Bremanger til å gå i forhandlingar.

- Embetsverket skal ikkje få oss til forhandlingsbordet. Tvang inntreffer først når Stortinget seier det, ikkje når Fylkesmannen tilrår det. Det er først når politikarane seier det at vi eventuelt må til forhandlingsbordet.

Kan bli reversert

Strømmen fekk også ein telefon frå leiaren i Senterpartiet i dag, Trygve Slagsvold Vedum.

- Han sa at viss det blir brukt tvang mot Bremanger, vil det bli reversert ved regjeringsskifte.

Han reagerer på at Fylkesmannen, som tidlegare har sagt tvert det motsette om Bremanger og sagt at ho ser utfordringane, no argumenterer for tvangssamanslåing.

- Fylkesmannen trekte til dømes fram i møtet i dag at Bremanger har problem med å rekruttere leiarar. Men det måtte ho gå tilbake på då eg stilte eit direkte spørsmål om ho då meiner at Bremanger har inkompetente kommunalsjefer i kommunen. Men eg synest det er alvorleg at slike påstandar blir sett fram.

Han meiner heller ikkje argumenta om at ein storkommune skal kunne klare seg sjølv heng på greip.

- Kvifor skal då både Flora og Vågsøy halde fram med interkommunale samarbeid i Sunnfjord og Nordfjord?

Strømmen meiner grunnlaget for kystsamarbeidet mellom Vågsøy, Flora og Bremanger ikkje har ramla vekk.

- Det einaste vi sa var at vi ville avvente prosessen mellom Vågsøy og Flora før vi tok dette vidare.

Strømmen meiner innstillinga om tvangssamanslåing skapar eindå meir splid i kommunane.

- Vi ser jo at Bryggja vil til Eid. Og om denne tvangssamanslåinga går gjennom, vil kanskje bygdene der eg kjem frå, Ålfoten, Davik, Rugsund, også sjå mot Eid, seier Strømmen, som meiner Fylkesmannen no spring Sanners ærend.

- Kriteria var frivilligheit, men no svøyper ho tvang, avsluttar han.