Bakgrunnen for folkemøtet er diskusjonane om kommune- og regionssamanslåingar. Bygdeutviklingslaget ønskjer å høyre kva innbyggjarane på Åheim meiner om framtida til bygda.

– Kan det tene folket på Åheim betre med tanke på framtida og ei positiv utvikling å bli ein del av den nye Vestlandsregionen og Eid-Selje kommune? Eller skal vi halde fram med å vere ei «øystripe», klemd mellom Rovdefjorden og ei massiv regiongrense i ein Møre og Rosmdal-region?, heiter det i invitasjonen frå bygdeutviklingslaget.

– Det kom opp på årsmøtet til bygdeutviklingslaget at dette var noko vi skulle jobbe med. Om det grunnar i misnøye eller trua på noko betre, det veit eg ikkje. Men det har vore kontakt med Bryggja for å høyre om deira prosess så langt, og vi har hatt eit arbeidsmøte der vi fann ut at det var mest rettferdig å ha eit folkemøte slik at meiningane kan kome fram, sa Lars Tore Bakkebø til fjt.no tidlegare i vår.

Styret i bygdeutviklingslaget peiker på at Vanylven så langt har vore ein trygg og god kommune å bu i, men dei stiller spørsmål ved korleis dette vil sjå ut i framtida.

– Skal ein nokon gong diskutere saka og kvar Åheim skal ha si tilhøyrsle i framtida, må dette skje no når nye grenser blir teikna og nye kommunar og regionar blir fastsette, heiter det i invitasjonen.