Gjennom dei fem krigsåra enda mange farty sine dagar på botnen i Ytre Sunnfjord. Den farlegaste fienden for norske passasjer- og fraktebåtar var engelske og norske stridskrefter. Desse senka 8 hurtigruter og 6-8 andre sivile passasjerfarty. Over 600 sivile nordmenn omkom. Enno finst augnevitne til dramatikken som utfalda seg då ein såg flya stupe og høyrte lyden frå bombene.

Hilmar Engan frå Svelgen er ein av desse. Som sjømann dreiv han med fraktfart langs kysten med den risiko krigen medførte.

Høyrde flyalarmen

19. september 1944 gjekk D/S Lynx ut frå Bergen mot Hammerfest i sju-tida på morgonen. Skipet var lasta med forsyningar til dei tyske styrkane i Finnmark og gjekk nordover saman med D/S Tyrifjord. Dei nærma seg Askvoll der D/S Ursa kom på sør. Så gjekk flyalarmen. 28 engelske fly gjekk til angrep klokka 18.

– Dei skaut med mitraljøser og slapp fosforgranatar. Vi var vitskremde. Frå Lynx såg vi over til Tyrifjord, korleis angrepet utvikla seg der, hugsar Hilmar.

Om bord var mannskapet samla på poopdekk, saman med ein hirdgjeng. Losen var på lugaren midtskips.

– På dekk stod det bensinfat, desse tok fyr. Etter ein stor eksplosjon tok også Lynx fyr. Vi kom tett på sydgåande D/S Ursa. Flya skaut og der vart eit skikkeleg basketak. Men ingen vart treft av mitraljøse-elden. På Lynx var der skyts på kvar bruvinge, eg meiner eitt fly vart treft og gjekk i havet, fortel Hilmar.

Engan hugsar at fleire av mannskapet fyrst hoppa ned på ankeret framme i baugen, før dei stupte rett i sjøen og sumde til ein holme.

– Kulene peip rundt om over alt. Ein forpostbåt kom til, og eg saman med fleire som låg i sjøen vart tekne om bord, seier han.

Også kokka frå Lynx berga seg i land vegen om ankeret.

– Og ho fekk med seg katten også, seier Hilmar om episoden han kan smile litt av i dag.

Etter angrepet kom Tyrifjord og gjekk forbi Lynx mot Askvoll hamn for eiga maskin. Hilmar såg ein sjømann på Tyrifjord stå og skuffe granatar som ikkje hadde eksplodert på havet med skyffel.

– Rart at det ikkje small når han dreiv på å uroe eksplosiva i full fyr.

Hilmar såg Tyrifjord gå opp i flammar og søkke ved Askvoll hamn. Framleis undrar han seg over at ikkje meir vart gjort for å sløkkje brannen og redde skipet. Lynx fekk skade i ror eller propell, og rende rett i fjellet. Mannskapet frå Lynx vart med ein tysk forpostbåt inn til Askvoll. Kort etter havariet fekk Hilmar hyre på ny båt, D/S Delfinus.

Under angrep igjen

Etter tragedien med Lynx slo Hilmar seg til i Svelgen, der også kjærasten Ragna budde. Arbeidsføre, sivile nordmenn utan fast arbeid vart tekne inn i arbeidstenesta for Wehrmacht. Hilmar var etterlyst og skulle melde seg i Trondheim. Lensmannen Tunold i Bremanger snakka fleire gonger til Hilmar og ville han skulle reise ut att i kystfart med transport av tyske forsyningar. Sjølv sa lensmannen at han gjorde det etter påtrykk frå tyske myndigheter. Hilmar måtte vekk frå Svelgen, og såg berre ein plass å stikke seg vekk, å reise til sjøs. Han ville ikkje stå som mannskap på skip som førte krigsmateriell for tyskarane, men det var ikkje lett å unngå.

– Tyskarane var etter meg, og lensmann Tunold frykta konsekvensar for seg sjølv om han var passiv, seier han.

Lite ante Hilmar det som venta då han og Ragna 8. november gjekk om bord i Fylkesbaatane sin D/S Framnes som kom innom Svelgen. Med eitt gjekk flyalarmen, og 30 engelske fly angreip. Om bord var kring 70 passasjerar.

– Nokon i salongen sa dei høyrde skot, minnest Hilmar, som forstod at Framnes var under angrep. Han kjende igjen lydane frå angrepet to månader før.

– Alle passasjerane ville ut på dekk, men eg sa at det var den visse død. Så vi la oss ned på golvet, under bord og benkar. Slik låg vi og venta på slutten. Eg låg med hovudet oppover mot trappa, Ragna motsett, fortel Engan.

Ei kvinne, Tordis Myre, vart treft i føtene, men det stod ikkje om livet.

– For å redusere blødninga snakka eg med henne og plasserte foten så blodet stansa. Ei anna kvinne, Sofie Nesje, ei venninne av Ragna, blei treft i brystet og døydde då ho og systra gjekk opp trappa frå salongen, seier Engan, som fortel at dette dødsfallet prega Ragna livet ut.

Fire av passasjerane og ein av mannskapet på Framnes døydde den dagen.

Frykta sjølivet

Hilmar og Ragna drog attende til Svelgen. Heldigvis høyrde ikkje Hilmar meir frå lensmannen om teneste til sjøs.

– Men eg frykta sjølivet heile krigen, seier ham, samtidig som han peikar på at det var ei spennande tid.

– Sjølivet lokka, på same tid som vi var klar over risikoen. Norge var i krig og mange skip gjekk ned. Vennegjengen stimulerte kvarandre til risikofylt spenning. Men fleire av kameratane mine som søkte spenning miste livet i denne tida, seier han.