No er dei fire trimsyklane frå MOTiview plassert på fire stadar i kommunen, og i tillegg får bebuarane eit tilbod om trim med fysioterapeut to gongar i veka. Men mykje av aktiviteten på omsorgsbustadane og institusjonane skjer i regi av frivillige eller andre grupper.

• Bingo (Frivilligsentralen)

• Kafé (Frivilligsentralen)

• Musikkterapi

• Frelsesarmeen kjem på besøk kvar andre veke.

• Besøk av prest for samtale, og musikk kvar andre veke.

• Besøk av pasientvenn frå Røde Kors

• Kulturskulen opptrer

• Barneskulane er på besøk og snakkar med bebuarane. I tillegg syng elevane for dei.

• Seniorakademiet arrangerer ulike turar, prosjekt og arrangement

• Song, musikk og andre impulsive aktivitetar på dei ulike avdelingane

• Diverse tilstellingar i høgtider og liknande

• Kulatoppen har frittgåande høner og hønsehus, der dei hentar egg dei nyttar til matlaging.