– Eg trur innbyggarane på Åheim er delte i synet på kva som vil vere det beste for bygda i framtida, men eg trur ikkje det vil vere eit problem å få samla inn 64 underskrifter frå innbyggjarane her, seier Lars Tore Bakkebø som er representant for Åheim Bygdeutvikling.

Bygdeutviklingslaget har enno ikkje bestemt seg for korleis dei vil organisere underskriftskampanjen, men dei ser føre seg anten å gå frå hus til hus, eller å legge ut lista ulike stader i bygda.

For å få saka om grensejustering på dagsorden i kommunestyret må minst to prosent av innbyggjarane i Vanylven signere. Per i dag er det 3.209 innbyggjarar i kommunen, noko som betyr at bygdeutviklingslaget må ha 64 namnetrekk på lista.

Bakgrunnen for at bygdelaget no tar initiativ til ei underskriftskampanje om grensejustering er bekymringar knytt til framtida til bygda med om lag 800 innbyggjarar.

– Det er ikkje tvil om at Vanylven har vore ein trygg og god kommune å bu i fram til i dag, men spørsmålet er korleis kommunen og bygda vil sjå ut om 5, 10, 20, 30 år og kva livsvilkår og tenestetilbod vil her vere for dei som bur her, sa Alf Kristian Berget frå bygdelaget då han innleia på folkemøtet i Olivinhallen førre torsdag.

I underkant av 200 personar hadde funne vegen til folkemøtet. Fleire peika på at fylkesgrensa er ei stor utfordring, spesielt for elevar som ønskjer å nytte seg av tilboda i Måløy og på Nordfjordeid. På den andre sida understreka fleire av dei som gjekk på talarstolen at ein ikkje veit kva ein får dersom ein vel å gå over til Eid/Selje.

– Heile kommunen burde bli ein del av det sør om oss (...). Kva teneste ser vi føre oss i framtida? Kva får vi om vi held fram som ein del av Vanylven eller vel å gå sørover? Slik utviklinga har vore trur eg ikkje at vi får noko meir på Åheim om vi blir verande i Vanylven. Ungdomsskulen blir nok flytta til Fiskå innan får år, så blir det nedgang i folketalet og barneskulen forsvinne. Då har vi ikkje mykje att. Vi ser at vidaregåande skrantar. Det hadde heilt klart vore ein fordel om ungdomane våre kunne gå på skule på Eid eller i Måløy. Eg trur det er tid for endring og noko nytt, viss ikkje visna vi vekk, sa Vidar Solheim frå talarstolen.