– Påska var omtrent som resten av sesongen. Ein omsetnad på kring 200.000 for palmehelga og påska er om lag halvparten av eit gjennomsnittsår. Dei beste åra har vi omsett for 800.000 kroner i påska, seier Åsebø.

Etter sesongen i fjor uttalte leiinga at skisenteret var pressa endå meir opp i eit hjørne enn tidlegare. Håpet var at årets sesong skulle rette opp eit økonomisk etterslep. Slik har det ikkje gått, og Åsebø er tydeleg på at det ikkje hjelper å pakke inn sanninga.

– Vi treng tiltak for å halde det gåande til neste sesong, innser han.

– Vi har visst lenge at det vart ein dårleg sesong, men vi venta på påska slik at vi skulle ha heile biletet.

Han nemner avdragsutsetting som eit verkemiddel.

– Problemet er at leasingselskapa som vi har avtale med for trakkemaskiner, ikkje har vist seg særleg villig til avdragsutsetting. Det har vore lettare hjå banken.

BILDESERIE: – Alpane var bra det, men lite som slår å komme heim til Harpefossen

Sesongen byrja allereie i november, men det vart mildvêr att til over nyttår. Den store helga i årets sesong var 14.–15. januar då senteret omsette for 350.000 kroner. Då var det kome stort snøfall og det vart finvêr. Sjølv om denne helga viser at potensialet og interessa er der, viser også sesongen som heilskap at brukarane er kresne på tilhøva.

Den gode helga midt i januar trudde ein snøen var sikra for sesongen, men ein lang regnperiode øydela.

– Problemet når det er slik, er at vi ikkje kan tilpasse kostnadsnivået. Vi må ha tilsette i anlegget til snøproduksjon og oppstart dersom forholda tillét det, seier Åsebø.

Totalt opplyser han at anlegget har omsett for 2,1 millionar kroner eksklusiv meirverdiavgift (mva.) denne sesongen. For at butikken skal gå rundt, bør omsetnaden vere opp mot fire millionar kroner før mva.

Samla har det vore 84 driftsdagar ved anlegget. Maksimalt kan ein ha 110–120 om ein kjem i gang i november og har ope heile sesongen.

– Vi har hatt stabile forhold på Furuhogane og nede der det er kunstsnø. Problemet er at fjellheisen nesten ikkje har vore open, slik at heile anlegget ikkje har vore tilgjengeleg.