– Turistfiskenæringa er ei viktig distriktsnæring som bidrar til arbeidsplassar og aktivitet langs kysten. Næringa er i rask vekst, og det er behov for regulering for å sikre eit berekraftig ressursuttak, seier fiskeriminister Per Sandberg.

Regjeringa har lagt fram ein lovproposisjon om endringar i havressurslova.Proposisjonen gjeld to ulike saker.

Det eine lovforslaget gjev departementet nødvendige lovheimlar til både å kunne krevje registrering av verksemder og rapportering av fangst.

Det andre forslaget går ut på å oppheve fiskeriforbodslova og flytte dei attverande føresegnene til havressurslova. Forslaget inneber ei forenkling av fiskeriregelverket ved at ei unødvendig lov vert oppheva, og ved at aktuelle føresegner vert oppdaterte og moderniserte.

Høyringsinstansane var gjennomgåande positive til lovforslaget. Dersom Stortinget vedtek dei føreslåtte lovendringane, vil departementet arbeide vidare med å følgje opp høyringa frå 28. september 2016 som inneheld ulike tiltak retta mot turistfiskenæringa.