– Eg synest det er veldig bra at det tilbodet her finst. Det er mine beste vener eg har inne i bilen, og då er det veldig greitt at den er sikker, seier Kennet Nordpoll frå Selje, som er russ ved Eid vidaregåande skule.

Saman med Peder Midtbø Liseth frå Rugsund, Ingo Da Silva frå Selje, Stijn Van Oorschot frå Davik, Håkon Bakke frå Davik, Emil Giljanovic frå Selje, Kristoffer Haugen frå Selje og Adrian Haavik frå Hjelle har Nordpoll russebilen Cherokee. Den er ein Volkswagen Caravelle 1995-modell, og under kontrollen vart det pirka på nokre småfeil på bilen.

– Vi tok kontrollen før vi gjorde noko med bilen. Vi ville høyre med kontrollørane først, og så fekk vi hjelp av dei, så det var veldig greitt, seier Nordpoll, som denne helga var på russetreff i Halden.

Ein fekk køyreforbod

Statens vegvesen held årleg kåring av den mest trafikksikre russebilen i lag med Sparebanken Sogn og Fjordane. Totalt 11 av 13 bilar har vore inne til kontroll, dei to siste stod på verkstad. Onsdag skjer kåringa etter at russen har fått nokre dagar til å rette opp i manglar.

– Bilane er stort sett i grei stand, men nokre tilfelle er på kanten. Ein bil fekk til dømes køyreforbod på grunn av brot i ei fjør, fortel Ove Garlid som sjekka bilane ved trafikkstasjonen i Eid.

Alle bilane fekk med seg mangellapp, og ingen blei dermed godkjende.

– Det er som åra før, bilane ber preg av at dei er gamle bilar, men det er mogleg å få dei til, seier Garlid, og fortset:

– Det er så viktig at vi får sett over bilane. Kvart år har vi ein eller to som rett og slett må takast ut av trafikken. Sjekken vil gjere at dei skal kunne fare på vegane på ein trygg måte. Vårt ønske er å ha like mange russ ut av russetida, som kom inn i russetida, seier Garlid.

– Eg vil skryte av ungdommen, det er trass alt frivillig, sjølv om vi legg mykje press på dei, seier Reidun Tryggestad i Statens vegvesen, som i god tid før russetida er ute på skulane og pratar med russen om bilkøyring og sikkerheit.

– Russen køyrer jo gjerne i ein profilert russebil, men for oss som jobbar med trafikksikring, er all russ i denne perioden, i russebilar eller vanlege bilar, viktig å følgje med på, seier ho.