Organisasjonen driv to folkehøgskular; Sunnfjord og Nordfjord, to leirstadar; Teigen og Fjordly, retreatsenteret Holmely, Innvik Fjordhotell, Fjordly barnehage og Solvang barnehage (siste høyrer til Sunnfjord folkehøgskule). Ved regionkontoret på Sandane er det i dag seks personar som jobbar i heil- eller deltidsstillingar, står det i pressemeldinga frå Normisjon.

150 årsmarkering

Regionårsmøtet til Normisjon i Sogn og Fjordane på Sunnfjord Folkehøgskule i Førde 22. april  markerte 150 år for organisasjonen. 150 år markerer at det var i 1867 Santalmisjonen vart grunnlagt i Santhal i India, med Lars Olsen Skrefsrud. I år 2001 vart Santalmisjonen slått saman med Indremisjonsselskapet og Normisjon vart etablert slik vi kjenner det i dag.

Årsmøtet starta med gudsteneste der Vegard Tennebø var liturg og generalsekretær Anne Birgitta Langmoen Kvelland var hovudtalar. Det var ingen ekstraordinære store saker under dette årsmøtet. Men dei mange årsmeldingane avspeglar ein stor aktivitet i Normisjon i fylket.

Nytt regionstyre

Årsmøtet valde nytt regionstyre. Kari Rygg Leirgul frå Vereide vart attvald og ny i styret kom Liv Årdalsbakke Bruland frå Førde. Regionstyret har etter årsmøtet slik samansetting: Svein Ottar Sandal; styreleiar (Sandane), Kari Rygg Leirgul (Vereide), Liv Årdalsbakke Bruland (Førde),  Anne Kristin Gunvordal (Sogndal), Magnus Årseth (Vassenden), Agnar Ullaland (Naustdal), Ane Marte Warvik; representanten til Acta (Førde).

Kjell Magne Birkelund, Sandane gjekk ut av styret då han ikkje tok attval.

Acta, som er barne- og ungdomsorganisasjonen til Normisjon, hadde også sitt årsmøte. Her vart Rune Tøsse attvald som leiar og nye i styret vart Frida Bjørnereim; Byrkjelo, og Maria Lade; Måløy.

Ny regionleiar

Under festmøtet fekk ein mange ulike glimt frå arbeidet både regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Mellom anna fortalde fire jenter i 15-17-åra kva leirarbeidet og Soul Children-kor i Acta-regi betyr for deira kristne tru, og den nye regionleiaren i Normisjon Sogn og Fjordane vart presentert: Jesper Backer Lemming frå Vereide. Han er i dag lærar ved Nordfjord Folkehøgskule og har i tillegg også økonomisk administrativ utdanning frå Høgskulen på Vestlandet. Han kjem opphavleg frå Hobøl, men har dei tre siste åra jobba på folkehøgskulen. Lemming har kjøpt seg eit lite småbruk på Vereide og skal kombinere dette med regionleiarstillinga.

Generalsekretæren inspirerte forsamlinga på ny med tale over temaet: «Det gamle er borte, se, det nye er blitt til»