Dette treng du:

1 l mjølk

8 egg

1 vaniljestong

160 g sukker

150 g sukker til

karamell

fløyte til krem – pynt

La kjelen bli varm før du har litt sukker i til karamell. Når det har smelta kan du dekke over med eit nytt lag sukker, hugs å riste på kjelen og ikkje røre for då blir det klumpar. Ha karamellen i brødform.

Kok opp mjølka med vaniljestong og sukker. Snitt vaniljestonga på langs og skrap ut frøa og kok heile stonga med frøa.

Pisk egga og spe i mjølkeblandinga, rør. Sil egg- og mjølkeblandinga opp i den glaserte forma.

Karamellpuddingen leggjast i vassbad i steikeomnen på 110*c i 55–60 minutt. Ha i kokande vatn i steikjeplata du skal posjere karamellpuddingen i, det går fortare.

Når du skal ha puddingen ut av forma er det enklast å dra ein kniv forsiktig langs kanten på puddingen. Vend den ut på eit passande fat med ein liten kant så sausen ikkje renn vekk.

Tips: Du kan bytte ut vaniljestonga med for eksempel 2 små kanelstenger og 2 stjerneanisar for å få ein annan smak på puddingen. Og om du er glad i karamell, passar det fint med ein fløtekaramellsaus til. Når vi posjerer karamellpuddingen i vassbad tyder det at det varmar den utan å koke.