−14 prosent i vår region har ikkje opna skattemeldinga berre dagar før leveringsfristen. Det er viktig at du opnar og sjekkar skattemeldinga di, seier avdelingsdirektør i Skatteetaten, Trude Husevåg.

Førehandsutfylt betyr ikkje ferdigutfylt Skattemeldinga som du fekk frå oss i begynnelsen av april er førehandutfylt med dei opplysningane vi har om din økonomi. Men Skatteetaten veit ikkje alt om deg, og skattemeldinga gir berre ei foreløpig oversikt om du skal ha pengar igjen eller om du får restskatt.

− Sjekk at alle opplysningane stemmer og at du har med dei frådraga du har rett på, seier Husevåg.

På Skatteetaten sine nettsider finn du all relevant informasjon om skattemeldinga som ulike tema/frådrag, oversikt over alle postar, steg for steg vegvisar til korleis du sjekkar skattemeldinga di og pendlar- og frådragsvegvisar.

Informasjonen hjelper deg å berekne rett skattegrunnlag.

Inga endring- inga levering

Viss du er lønnstakar eller pensjonist, har sjekka at opplysningane i skattemeldinga er korrekte og ikkje har endringar, treng du ikkje levere. Har du endringar og må levere skattemeldinga, kan du enkelt levere den elektronisk.

Skatteoppgjer

– Du får det endelege skatteoppgjeret når vi har behandla skattemeldinga di. Dette vil skje i perioden mellom 21. juni og 25. oktober. Skatteetaten kan ikkje opplyse deg om eksakt dato for ditt skatteoppgjer, men varslar deg på sms/e-post når oppgjeret er klart.